Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
06.08.2023Ansettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5238589Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
- Oppdatert 30.06.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Surnadal kommune
Farmasøyt i 100% stilling
Brannvesen
Heimetenesta skal tilsette farmasøyt i heimesjukepleia.
Stillinga inngår i turnus med f.t arbeid tredje kvar helg med hovudansvar for oppgåver og rutinar på medisinrommet og oppgåver i heimesjukepleia elles.
Avdelingsleiar er næraste overordna.
Arbeidsoppgåver
Stillinga vil vere delt med faste dagar på medisinrommet med ansvar for oppgåver, rutiner og kvalitetsforbedring av medikamenthandtering i eininga.
Resten av stillinga vil vere pasientretta arbeid med f.t 3.kvar helg i heimesjukepleia.
Fordeling av stillingsprosent vil kunne variere ut frå arbeidsplana elles er i eininga, t.d avvikling av ferie og andre oppgåver som skal løysast i eininga. Utgangspunktet er likevel at ca 60% av stillinga er direkte knytt til medikamentoppfølging på medisinrommet.
Oppgåver som farmasøyt:
- dagleg tilrettelegging op oppfølging av medikamenthandtering
- kontaktperson for samarbeidande apotek
- kompetansehevande tiltak og opplæring av tilsette i eininga rundt medikamenthandtering
Oppgåver i heimesjukepleia:
- pleie- og omsorgsarbeid
- respons på tryggleiksalarmar
- dokumentasjon og oppfølging av tiltak
- tverrfagleg samarbeid
Det kan bli lagt andre aktuelle oppgåver til stillinga.
Krav til kompetanse:
- Bachelor i farmasi
Personlege eigenskapar:
- fagleg trygg
- kan bidra til utviklinga av eit godt arbeidsmiljø
- ha gode samarbeidsevner og ha evne til å motivere andre i arbeid og endring
- ha god muntleg og skriftleg framstillingsevne
- du har vilje og evne til sjølvstendig arbeid
Vi tilbyr:
- godt arbeidsmilijø med vekt på fagutvikling og tverrfagleg arbeid
- lønn i hht gjeldande avtaleverk
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen
Tilsettingsvilkår:
Du må ha førarkort kl.B. Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn tre månader, skal leggast fram før oppstart i stillinga.
Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
06.08.2023Ansettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5238589Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
- Oppdatert 30.06.2023