• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    13.10.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5897245
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 27.09.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Familieterapeut

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du familieterapeut og vil bli med å styrke vårt tiltaksteam?

Sogn barnevern søkjer etter ein dyktig og engasjert familieterapeut i 100% fast stilling.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Tilby terapeutisk støtte og rettleiing til familiar som er i kontakt med barnevernet.
  • Jobbe med å styrke familiane sine ressursar og hjelpe dei med å handtere utfordringar og konfliktar.
  • Samarbeide med relevante instansar for å sikre heilskapleg oppfølging.
  • Du vil kunne jobbe med oppdrag utanfor tenesta, då i tett samarbeid med PPT, helsestasjon, barnehage og skule.
  • Dokumentere og rapportere framdrift og resultat i fagsystemet Visma i samsvar med interne retningslinjer og krav.

 

Kvalifikasjonar:

  • Det er ynskjeleg med mastergrad i familieterapi. Minimum 3-årig helse, sosial eller barnevernsfagleg utdanning med eventuell vidareutdanning innan familieterapi.
  • Erfaring med endringsarbeid i familierettleiingsfeltet og/eller barnevern.
  • Gode kommunikasjonsevner.
  • Evne til å etablere tillitsfulle relasjonar.
  • Evne til å handtere sensitive situasjonar med empati, profesjonalitet og diskresjon.
  • Arbeidet vil til tider krevje at du er fleksibel og har evne til å omstille deg. 
  • Førarkort klasse B.

 

Me ser etter deg som er:

  • Målretta, strukturert og løysingsorientert
  • Ein lagspelar, men som også kan arbeide sjølvstendig.
  • Ein som er engasjert og ønskjer å gi dei beste tenestene til innbyggjarane. 
  • God til å lytte og ha fokus på menneske sine ressursar og moglegheiter.
  • Du må kunne arbeide på tvers i organisasjonen. 

 

Vi vil leggje stor vekt på søkjarane si personlege eignaheit til stillinga

 

Me tilbyr:

  • Ei meiningsfull rolle der du får moglegheit til å gjere ein vesentleg skilnad i familiane sine liv.
  • Eit inkluderande, engasjert og utviklingsorientert arbeidsmiljø. 
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk.
  • Arbeidstid: Hovudsakleg dagtid, men ein har høve til å vere fleksibel avhengig av oppgåver og behov. 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Rettleiing til alle tilsette. 

 

Spesielle vilkår for stillinga:

  • Det vert stilt krav om politiattest av nyare dato.
  • Ved behov må søkjar pårekne noko bruk av eigen bil i tenesta.

 

Vi gler oss til å høyre frå deg!

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Send søknaden med CV innan søknadsfristen via rekrutteringssystemet EasyCruit.



 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    13.10.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5897245
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 27.09.2024