Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
06.02.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6043073Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Familieterapaut/Landsbyrettleiar i hjelpetiltak
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Landsbymodellen
Med utgangspunkt i ordtaket «It takes a village to raise a child» har Øygarden utvikla ein systemisk modell for oppfølging av familiar. Landsbymodellen fokuserer på samarbeid, systematikk og individuell skreddarsaum, med barnets behov i sentrum.
Vi søkjer etter Landsbyrettleiar som skal samarbeide tett med kontaktpersonane i avdelinga for hjelpetiltak i barneverntenesta.
Vi søker etter deg som er fagleg nysgjerrig, nytenkande og relasjonelt modig. Du må like høgt tempo, koordinering og trivst med å rettleie kollegaer.
Om stillinga:Vi har ledig ein 100% fast stilling som familieterapeut frå 01.03.2025
Stillinga er for tiden organisert i barnevernstenesta, men vil bli flyttet til Familiehjelpen innan 01.03.25.
Du vil få:- Eit fagleg og engasjert arbeidsmiljø som er i utvikling i ein ny og spanande kommune
- Ei nyoppretta faggruppe kor samskaping på tvers er ei sentral verdi og bærebjelke i arbeidet
- Eit Familie- og rettleiingssenteret i forebyggande sektor som er under oppbygging
- Få fagleg rettleiing/oppfølging
- Være i tett samskaping med barneverntenesta si tiltaksavdeling
- har relevant utdanning, barnevern, sosionom, eller anna relevant høgskuleutdanning
- jobbar sjølvstendig og i team
- gir rettleiing individuelt og i grupper
- tek i mot fagleg rettleiing
- er fleksibel i forhold til arbeidstid og noko reiseverksemd
- har kompetanse/erfaring innan sentrale fagområde som til dømes tilknyting, traume, sorg/tap
- Sertifisering i relevant rettleiingsmetodikk (t.d Marte Meo, COS, TBO,Theraplay)
- Relevant vidareutdanning som t.d familieterapi
- Kjennskap og kompetanse på systemisk arbeid
- Erfaring frå barnevern er å føretrekka
- Familierettleiing
- Individuell rettleiing
- Parterapi
- Systemisk oppfølging etter Landsbymodellen
- Samtale med barna og foreldre
- Heimebesøk
- Individuell og grupperettleiing
- Eit engasjert fagmiljø
- Opplæring i metoden familieråd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Du har gode evner til å samtale med barn og vaksne
- Du er ein trygg, tydeleg og nøytral vaksen i familiar med utfordringar
- Du klarer å handtere mange hendingar samstundes og samarbeider godt
- Du kan jobbe sjølvstendig og strukturert og er prosessorientert
- Du tar initiativ og tenkjer utvikling
- Førarkort for bil og kunne disponere eigen bil
For nærare opplysningar om stillinga. Ta kontakt med:
Hege Gundersen, leder for barnevernstenesta telefon 934 84 846
Silje Samland, fagutviklar barnevernstenesta telefon 477 58 431
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
06.02.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6043073Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Helsesjukepleiar/sjukepleiar 100% fast
Øygarden kommune
STRAUME -
Vi søkjer sjukepleiar og helsefagarbeidarar i 100% faste stillingar
Øygarden kommune
STRAUME -
Avdelingsleiar 100% fast
Øygarden kommune
SKOGSVÅG -
2x25% fast stilling som miljøterapeut
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Er du vår nye kollega og ønskjer å jobbe innan demensomsorg?
Øygarden kommune
Ågotnes