• Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    17.07.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6655719
  • Look here for other jobs from Giske Kommune
Vacancy

Giske Kommune

Familierettleiar - psykisk helseteam for barn og unge

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du jobbe tett på barn, unge og familiar - og vere med på å gjere ein forskjell tidleg i livet?

Vi søkjer ein engasjert familierettleiar til eit spennande vikariat i psykisk helseteam for barn og unge, med varighet på inntil 15 månedar i perioden 01.10.2026-31.12.2027. Hos oss blir du del av eit lite og dedikert fagmiljø, med stort engasjement for tidleg innsats, relasjonelt arbeid og å bidra til positiv utvikling hos barn og unge. Vi kan tilby ein innhaldsrik og meiningsfull kvardag med oppfølging av familiar i ulike livssituasjonar, der du som familierettleiar får stor tillit og ansvar i det sjølvstendige arbeidet.

Om stillinga
Du blir ein del av eit tverrfagleg team med psykolog og familierettleiar (begge i 100% stilling), som arbeider både klinisk og systemisk med barn, unge og familiar. Vi er opptekne av tidleg innsats og forebygging, god relasjonsbygging, og å sjå ressursane i og rundt barnet.
Arbeidskvardagen er variert og inkluderer både direkte arbeid med familiar, til dømes individualsamtalar med barn og unge, familiesamtalar og foreldrerettleiing, og samarbeid med relevante tenester rundt barnet.

Stillinga er organisert i eining Barn, familie og helse, og ein har stort fokus på tverrfagleg samarbeid innad i eininga med mål om god, tidlig innsats. Arbeidsstad er rådhuset på Valderøya.

Kvalifikasjoner:

Vi ser etter deg som både har fagleg tryggleik og eit ekte engasjement for arbeid med barn, unge og familiar. Vi ønsker ein engasjert medarbeider som ønsker å vere med på å gjere ein forskjell for familiane i kommunen, samt å vere med på å styrke det faglege fellesskapet i teamet. 

  • Relevant utdanning på bachelor- eller masternivå innan helse, sosial eller pedagogiske fag
  • Erfaring frå arbeid med barn, unge og/eller familiar er ein fordel
  • Ønskeleg med relevant vidareutdanning
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • God digital kompetanse
  • Førarkort klasse B

Personlige egenskaper:

  • Du skapar trygge relasjonar og har gode samarbeidsevner
  • Du er engasjert, strukturert og løysingsorientert
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både munnleg og skriftleg
  • Du trivst både med sjølvstendig arbeid og teamarbeid
  • Du er fleksibel og tilpassingsdyktig i møte med ulike behov

Vi tilbyr:

  • Ein meiningsfull jobb der du kan vere med på å gjere ein forskjell i kvardagen til barn og familiar
  • Eit lite og tett team med godt samarbeid og støtte
  • Høve til fagleg utvikling og å påverke eigen arbeidskvardag
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Løn og vilkår etter kommunalt avtaleverk

 

Praktisk informasjon

  • Vikariat i inntil 15 månader
  • Oppstart: 01.10.2026
  • Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing, og attest og vitnemål sendast inn i lag med søknaden

Høyrest dette ut som noko for deg? Vi ser fram til å høyre frå deg!

     

  • Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    17.07.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6655719
  • Look here for other jobs from Giske Kommune