Company
Øygarden kommuneApplication deadline
30.06.2022Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
4671229Look here for other jobs from Øygarden kommune
- Updated 18.06.2022
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Øygarden kommune
Familierådskoordintor 100% mellombels - Barn, unge og familietenester
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om stillinga:
Vi har ledig ein prosjektstilling 100% som familierådskoordinator frå medio august 2022 til mars 2024.
Stillinga er organisert i Familie- og rettleiingssenter (FOR) som er ei avdeling i eining Barn, unge og familietenester (BUFT).
Arbeidsstad: Straume helsesenter, Blombakkane 2
Øygarden kommune har, i lys av oppvekstreforma, starta eit prosjekt som omhandlar implementering og bruk av metoden familieråd i førebyggjande sektor. Prosjekt familieråd er ein del av kommunen si målretta satsing for å involvere borgaren og nettverket rundt barn og familiar i avgjerder som i stor grad påverkar deira liv.
Koordinator skal samarbeide tett med frivillig sektor då dette er ein del av prosjektet
Kva er familieråd?
Familieråd er eit møte der familien tek viktige avgjerdslar når nokon meiner at situasjonen til barnet er vanskeleg.
Hensikten med familieråd er at barnet og familien sitt nettverk skal kunne drøfte barnet sin situasjon og føreslå ein handlingsplan med gode løysingar for barnet.
Arbeidsoppgåver:
- Planleggje, førebu, koordinere og gjennomføre familieråd
- Samarbeid med andre kommunale tenester og frivillig sektor
- Samtale med barna og foreldre
- Heimebesøk
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning eller tilsvarande utdanning på bachelornivå
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
- Vidareutdanning i familieterapi
- Erfaring frå arbeid med foreldrerettleiing
- Erfaring frå arbeid med å familieråd
Personlege eigenskapar:
- Du har gode evner til å samtale med barn og voksne
- Du klarer å håndtere mange hendinger samstundes og samarbeider godt
- Du kan jobbe sjølvstendig og strukturert og er prosessorientert
- Du er ein trygg, tydeleg og nøytral voksen i familier med utfordrande situasjoner
- Du har tid og overskot til å bidra inn i familiane som ønskjer familieråd
- Du tar initiativ og tenkjer utvikling
Anna:
Du må ha førarkort til bil og kunne disponere eigen bil
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Opplæring i metoden familieråd
- Individuell veiledning
- Veiledning i grupper
- Eit engasjert fagmiljø
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
30.06.2022Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
4671229Look here for other jobs from Øygarden kommune
- Updated 18.06.2022