• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    30.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4671229
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 18.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Familierådskoordintor 100% mellombels - Barn, unge og familietenester

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om stillinga: 

Vi har ledig ein prosjektstilling 100% som familierådskoordinator frå medio august 2022 til mars 2024.

Stillinga er organisert i Familie- og rettleiingssenter (FOR) som er ei avdeling i eining Barn, unge og familietenester (BUFT).

Arbeidsstad: Straume helsesenter, Blombakkane 2

Øygarden kommune har, i lys av oppvekstreforma, starta eit prosjekt som omhandlar implementering og bruk av metoden familieråd i førebyggjande sektor. Prosjekt familieråd er ein del av kommunen si målretta satsing for å involvere borgaren og nettverket rundt barn og familiar i avgjerder som i stor grad påverkar deira liv.
Koordinator skal samarbeide tett med frivillig sektor då dette er ein del av prosjektet

Kva er familieråd?
Familieråd er eit møte der familien tek viktige avgjerdslar når nokon meiner at situasjonen til barnet er vanskeleg.
Hensikten med familieråd er at barnet og familien sitt nettverk skal kunne drøfte barnet sin situasjon og føreslå ein handlingsplan med gode løysingar for barnet.

Arbeidsoppgåver:

  • Planleggje, førebu, koordinere og gjennomføre familieråd
  • Samarbeid med andre kommunale tenester og frivillig sektor
  • Samtale med barna og foreldre
  • Heimebesøk

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning eller tilsvarande utdanning på bachelornivå
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

  • Vidareutdanning i familieterapi
  • Erfaring frå arbeid med foreldrerettleiing
  • Erfaring frå arbeid med å familieråd

Personlege eigenskapar:

  • Du har gode evner til å samtale med barn og voksne
  • Du klarer å håndtere mange hendinger samstundes og samarbeider godt
  • Du kan jobbe sjølvstendig og strukturert og er prosessorientert
  • Du er ein trygg, tydeleg og nøytral voksen i familier med utfordrande situasjoner
  • Du har tid og overskot til å bidra inn i familiane som ønskjer familieråd
  • Du tar initiativ og tenkjer utvikling

Anna:

  • Du må ha førarkort til bil og kunne disponere eigen bil

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Opplæring i metoden familieråd
  • Individuell veiledning
  • Veiledning i grupper
  • Eit engasjert fagmiljø

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    30.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Straume
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4671229
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 18.06.2022