• Företag
    Gol kommune
  • Ansökningstiden
    10.10.2022
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4723585
  • Se här för andra jobb från Gol kommune
  • Uppdaterad 20.09.2022
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Gol kommune

Fagleiar ved Dagsenteret

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Dagsenteret gir tilbod til heimebuande eldre, og har eit nært samarbeid med frivillige. Det er 2,5 årsverk og
Dagsenteret har som oppgåve å legge til rette for ein aktiv og triveleg kvardag gjennom meiningsfulle og tilpassa
aktivitetar for brukarane. Både brukarar og pårørande set stor pris på tilbodet som Dagsenteret gir.

Arbeidsoppgåver:
• Planlegge og gjennomføre aktivitetar
• Sørge for den daglege drifta i samarbeid med dei andre tilsette
• Samarbeide med frivillige og pårørande
• Organisere brukargruppene
• Sørge for at bruker får ein god og aktiv dag etter funksjonsnivå
• Samarbeide med heimetenesta og psykisk helseteneste
• Koordinere frivillige som vil bidra

Kvalifikasjonar:
• Fagbrev innafor helsefag
• Helst utdanning innan demens og geriatri
• Erfaring med IKT som arbeidsverktøy
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Det vil bli lagt vekt på væra personleg egna

Vi søkjer deg som:
• Har erfaring og forståing for ulike brukargrupper sine behov
• Er tydeleg, målretta og positiv, med gode evner til å kommunisere
• Har erfaring med driftsoppgåver
• Har evne til dialog og samarbeid
• Kan inspirere, motivere og rettleie dei tilsette

Vi tilbyr:
• Mange, varierte og spennande arbeidsoppgåver og utfordringar
• Fagleg rettleiing og moglegheit for vidareutdanning
• Løn og tilsetjingsvilkår etter avtale
• God pensjonsordning

Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

  • Företag
    Gol kommune
  • Ansökningstiden
    10.10.2022
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4723585
  • Se här för andra jobb från Gol kommune
  • Uppdaterad 20.09.2022