Företag
Stavanger KommuneAnsökningstiden
21.01.2026Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
4187, OMBO
STAVANGER
Antal befattningar
1Karriere-kod
6503836Se här för andra jobb från Stavanger Kommune
Stavanger Kommune
Faglærar
Er du ein engasjert og allsidig pedagog med hjarte for dei yngste barna si læring og utvikling? Då kan dette vere stillinga for deg!
Ein av våre dyktige tilsette er i foreldrepermisjon, og me har derfor ledig eit vikariat i 40 % stilling som grunnskulelærar (1.–7. trinn) ved Ombo oppvekstsenter i perioden 01.02.2026–31.07.2026.
Om arbeidsplassen
Ombo oppvekstsenter er ein liten, men mangfaldig arbeidsplass med barnehage, SFO og barneskule samla under eitt tak. Me har to aldersblanda klassar med totalt 19 elevar frå 1.–7. trinn, og 10 engasjerte tilsette som saman skaper eit trygt og utviklande miljø for barn og elevar. Me nyttar nynorsk som opplæringsmål.
Oppvekstsenteret ligg på vakre Ombo – den største øya i Stavanger kommune – midt i Ryfylke sitt øyparadis. Her er naturen tett på, og gir unike moglegheiter for variert og praktisk undervisning.
Kvalifikasjoner:
Kven er du?
- Har godkjent undervisningskompetanse for 1.–7. trinn, eller tilsvarande
- Har kompetanse og erfaring innan begynneropplæring og/eller spesialpedagogikk og/eller FON
- Undervisningskompetanse i andre fag vil også være av interesse, gjeld også praktisk-estetiske fag.
- Personlig egnethet og referansar vil bli lagt stor vekt på i ansettelsen
- Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande B2. Gjeld ikkje søkjarar med eit skandinavisk språk som morsmål
Personlige egenskaper:
Du er ein engasjert og fleksibel pedagog som:
- Er tydeleg og trygg i klasseleiing og har eit positivt elevsyn
- Er god på relasjonar og trivst i samarbeid med både kollegaer, elevar og føresette
- Du trivst både med å lede undervisning, og å arbeide saman i team.
- Du er robust og håndterer utfordrende situasjoner.
- Du er løysningsorientert, og lojal til felles avgjerdsler.
Vi tilbyr:
Me tilbyr deg:
- Eit engasjerande og inspirerande arbeidsmiljø
- Moglegheit til å påverke og utvikle undervisninga
- Godt samarbeid på tvers av barnehage og skule
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Vakker natur og gode moglegheiter for friluftsliv
- Hjelp til å finne bustad dersom du ønskjer å bu på Ombo
Företag
Stavanger KommuneAnsökningstiden
21.01.2026Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
4187, OMBO
STAVANGER
Antal befattningar
1Karriere-kod
6503836Se här för andra jobb från Stavanger Kommune