Ledigt jobb

Stavanger Kommune

Faglærar

Ein av våre fantastiske lærarar skal ut i foreldrepermisjon. Me har derfor ledig eit vikariat for lærar skuleåret 25/26. 

Sjernarøy er ei øygruppe på sju øyar som ligg i Ryfylke i Stavanger kommune. Seks av dei sju øyane er bundne saman med bruer og det bur omlag 365 innbyggjarar på Sjernarøyane. Frå hausten 2025 har Sjernarøy oppvekstsenter 31 elevar i 1.-7.klasse i skulen, eigen SFO og barnehage. Me er ein fådelt skule, som betyr at du vil gi opplæring til elevar frå fleire trinn i samme klasse. Me har eit aktivt samarbeid på tvers av trinn. Oppvekstsenteret ligg flott plassert i landlege omgjevnadar. Sjernarøy oppvekstsenter har nynorsk som hovudmål. 

Du kan lese meir om Sjernarøy oppvekstsenter på heimesida vår; minskole.no/sjernaroy

Er du ein engasjert pedagog som brenn for elevane si læring? Då er kanskje du akkurat den me leitar etter!

Kvalifikasjoner:

Godkjent undervisningskompetanse for 1.-4. trinn.

Kompetanse innan grunnleggjande lese-, skrive- og rekneopplæring.

Erfaring frå undervisning og klasseleiing er ein fordel.

Det er ynskjeleg med kompetanse innan norsk, matematikk og engelsk.

Aktuelle kandidatar må beherska nynorsk munnleg og skriftleg, og kunne nytte relevant dataverktøy.

Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentera at du har språknivå tilsvarande nivå B1. Gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk språk som morsmål.

Godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar må liggje føre ved tilsetting, og seinast før arbeidstakar begynner i stillinga ihht gjeldande lovverk. 

 

Dersom ingen kvalifiserte søkjar på stillinga, vil me sjå etter nokon med erfaring frå arbeid i grunnskule og med barnefagleg kompetanse. Det kan og bli aktuelt med tilsetting på vilkår mot fullført utdanning. 

Personlige egenskaper:

Du er innstilt på samarbeid og har evne til å jobbe målretta med undervisning og opplæring.

Du er fleksibel og har godt humør.

Du har gode evne til å byggje relasjonar og trives saman med elevar og føresette.

Du er god på klasseleiing.

Du er opptatt av at barnet sin tryggleik, der utvikling og læring står i sentrum.

Du er engasjert, kreativ og løysingsorientert.

Me har få vaksne å spele på, noko som stiller høge krav til kvar tilsett. Ein må ha gode relasjonelle ferdigheiter. 

Hjå oss jobbar det kapteinar. Det inneber at me tek eigarskap, tek ansvar og finn løysingar i vêr og vind. 
Ein kaptein er inkluderande, forviten, lærevillig og god på relasjonar. 

Vi tilbyr:

Eit engasjerande og inspirerande miljø.

Løn i samsvar med hovudtariffavtalen til KS.

Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsbedrift (IA-bedrift).

Tilsette med godkjent undervisingskompetanse får hjå oss eit arbeidsstadstillegg (funksjonstillegg) på kr 50 000 per år. Dette gjer me for å rekruttere og behalde kompetent arbeidskraft. 

Moglegheit for fast stilling.