Företag
Hemsedal KommuneAnsökningstiden
19.06.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
3560, HEMSEDAL
HEMSEDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5759734Se här för andra jobb från Hemsedal Kommune
- Uppdaterad 01.06.2024
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Hemsedal Kommune
Fagarbeider Byggdrift
Offentlig forvaltning
Vi har ledig 100% fast stilling i eigedomsavdelinga frå 01.08.2024.
Stillinga byr på utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit uformelt fagmiljø med dyktige kollegaer.
Vi tilbyr gode utviklingsmoglegheiter i ein framtidsretta bransje. Arbeidet vert utført jf. "Rutinar for vaktmeistertenester i Hemsedal kommune". Startdato etter avtale.
Arbeidsoppgåver eigedomsavdelinga
Dei tilsette er organisert i team og arbeider dei ulike dagane i ulike funksjonar, aleine eller i team.
Vedlikehald, tilsyn og serviceoppgåver på kommunens bygg og eigedomar, der personale dagleg trer inn i 3 ulike funksjonar:
- Kontrollfunksjon: Tilsyn, enkelt vedlikehald og bruk av FDV program
- Servicefunksjon: Ulike arbeid/servicesoppgåver for verksemdene
- Vedlikehaldsfunksjon: Større vedlikehaldsoppgåver på bygg og anlegg
Sentrale arbeidsoppgåver til stillinga
- Daglig drift av kommunens ulike fagsystem. SD anlegg, FDV fagsystem, EOS, inneklima sensorikk mm
- FDV tilsyn og arbeidsoppgåver innafor elektro og ventilasjon
- Oppgåver og samarbeid med resten av personalgruppa for effektiv og god drift av verksemda
Stillinga kan få tillagt andre oppgåver på tvers av teknisk etat sine fagområde.
Ønskja kompetanse
- Fagbrev/utdanning og erfaring innan elektro – automasjon/IT og ventilasjonsfag
- Erfaring og interesse innafor IT/data, elektro og ventilasjon
- Generell god kunnskap og erfaring innan fleire byggtekniske fag
- God på planlegging og koordinering
- Har gode samarbeidsevner og god kommunikasjon med anna personell og brukarar
- Arbeider systematisk og strukturert
- Kan gjere seg godt forstått på norsk
- Har førarkort klasse B, og gjerne BE
Vi ser etter deg som:
- er sjølvstendig, initiativrik og ansvarsbevisst
- er fleksibel og evner å sjå/ta tak i oppgåver
- medverkar til eit positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi kan tilby:
- eit godt arbeidsmiljø
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
Krav til helse- og vandelsdokumentasjon
Ved ansettelse er det krav om egenmelding om Tuberkulose. Du kan også bli pålagt å ta tuberkulose prøve hvis du har vært utsatt for smitterisiko.
Krav til kompetansedokumentasjon
Det er krav om dokumentasjon og vitnemål frå tidlegare arbeidserfaring og utdanning for riktig innplassering i stillingskode, og fastsetting av lønn. Lønnsansiennitet blir satt til 0 år inntil dokumentasjon er levert og vurdert.
Vitnemål og attester skal lastas opp som en del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.
Kontaktpersonar
Odd Magne Anderdal, Leiar eigedom, mobil: 97058812, odd.magne.anderdal@hemsedal.kommune.no
Narve Jordheim Brenna, Tømrer, mobil: 91666988, narve.jordheim.brenna@hemsedal.kommune.no
Företag
Hemsedal KommuneAnsökningstiden
19.06.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
3560, HEMSEDAL
HEMSEDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5759734Se här för andra jobb från Hemsedal Kommune
- Uppdaterad 01.06.2024