Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hemsedal Kommune

Fagarbeider Byggdrift

Offentlig forvaltning

Vi har ledig 100% fast stilling i eigedomsavdelinga frå 01.08.2024.

Stillinga byr på utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit uformelt fagmiljø med dyktige kollegaer.
Vi tilbyr gode utviklingsmoglegheiter i ein framtidsretta bransje. Arbeidet vert utført jf. "Rutinar for vaktmeistertenester i Hemsedal kommune". Startdato etter avtale.

Arbeidsoppgåver eigedomsavdelinga
Dei tilsette er organisert i team og arbeider dei ulike dagane i ulike funksjonar, aleine eller i team.
Vedlikehald, tilsyn og serviceoppgåver på kommunens bygg og eigedomar, der personale dagleg trer inn i 3 ulike funksjonar:

  • Kontrollfunksjon: Tilsyn, enkelt vedlikehald og bruk av FDV program
  • Servicefunksjon: Ulike arbeid/servicesoppgåver for verksemdene
  • Vedlikehaldsfunksjon: Større vedlikehaldsoppgåver på bygg og anlegg

Sentrale arbeidsoppgåver til stillinga

  • Daglig drift av kommunens ulike fagsystem. SD anlegg, FDV fagsystem, EOS, inneklima sensorikk mm
  • FDV tilsyn og arbeidsoppgåver innafor elektro og ventilasjon
  • Oppgåver og samarbeid med resten av personalgruppa for effektiv og god drift av verksemda

Stillinga kan få tillagt andre oppgåver på tvers av teknisk etat sine fagområde.

Ønskja kompetanse

  • Fagbrev/utdanning og erfaring innan elektro – automasjon/IT og ventilasjonsfag
  • Erfaring og interesse innafor IT/data, elektro og ventilasjon
  • Generell god kunnskap og erfaring innan fleire byggtekniske fag
  • God på planlegging og koordinering
  • Har gode samarbeidsevner og god kommunikasjon med anna personell og brukarar
  • Arbeider systematisk og strukturert
  • Kan gjere seg godt forstått på norsk
  • Har førarkort klasse B, og gjerne BE

Vi ser etter deg som:

  • er sjølvstendig, initiativrik og ansvarsbevisst
  • er fleksibel og evner å sjå/ta tak i oppgåver
  • medverkar til eit positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi kan tilby:

  • eit godt arbeidsmiljø
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk


Krav til helse- og vandelsdokumentasjon
Ved ansettelse er det krav om egenmelding om Tuberkulose. Du kan også bli pålagt å ta tuberkulose prøve hvis du har vært utsatt for smitterisiko.

Krav til kompetansedokumentasjon
Det er krav om dokumentasjon og vitnemål frå tidlegare arbeidserfaring og utdanning for riktig innplassering i stillingskode, og fastsetting av lønn. Lønnsansiennitet blir satt til 0 år inntil dokumentasjon er levert og vurdert.

Vitnemål og attester skal lastas opp som en del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.

Kontaktpersonar
Odd Magne Anderdal, Leiar eigedom, mobil: 97058812, odd.magne.anderdal@hemsedal.kommune.no
Narve Jordheim Brenna, Tømrer, mobil: 91666988, narve.jordheim.brenna@hemsedal.kommune.no