• Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    22.02.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6505073
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune
Ledigt jobb

Ål Kommune

Fagarbeidarar

Offentlig forvaltning

Vi søker fagarbeidarar i faste stillingar i barnehagane i Ål kommune frå 13.08.26, evt. tidlegare etter avtale.

Ål kommune har 5 kommunale barnehagar av ulik storleik (2 til 6 avdelingar).

Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på leik og leikbasert læring, praksisnær læring, styrkebasert tankesett, inkluderande praksis og spesialundervisning, og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid.  Visjonen er at «alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Tett og tidleg på og auka læringsutbytte er sentrale mål.

Som fagarbeidar i barnehage må du først og fremst like å vera  saman med barn, og klar for å leike saman med dei som ein fagprofesjonell. 

Vi treng

  • 1,0 fast stilling fagarbeidar pt Nordbygdene barnehage.
  • 2,0 fast stilling fagarbeidar pt Skattebøl barnehage.

I tillegg kan det bli vikariat som fagarbeidar ledig i fleire av barnehagane frå august -26.

Kvalifikasjonar fagarbeidar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.

Personlege eigenskapar

Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer deg som

  • Brenn for barnehageyrket og det beste for barna.
  • Trivst i lag med små barn.
  • Er utadvent og trygg på deg sjølv.
  • Beherskar det norske tale- og skrivemålet godt.
  • Er glad i å vere ute i all slags vêr, året rundt.
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Er fleksibel og løysingsorientert.
  • Bidreg fagleg og sosialt i personalgruppa.

Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr

  • Barnehagar med eit god fagleg miljø.
  • Personalgrupper som verdsett humor i kvardagen.
  • Meiningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer.
  • Pensjonsordning i KLP.
  • Lønn- og arbeidsvilkår er regulert av Hovudtariffavtala.
  • Gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning.

Politiattest og søknad

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Ta gjerne kontakt med oss.

Velkommen som søkjar!

 

  • Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    22.02.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6505073
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune