• Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    06.12.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6467624
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune
Ledigt jobb

Ål Kommune

Fagarbeidarar

Offentlig forvaltning

Under føresetnad av budsjettmessig dekning for 2026, søkjer vi inntil 2 x 100% fast stilling frå 01.01.26

Å jobbe i barnehage er ein gjevande, varierande og interessant jobb. Arbeid med barn er meiningsfylt, og nettopp du kan vere med på å gjere ein forskjell for barna.  Du vil arbeide saman med profesjonelle, fagleg dyktige og engasjerte pedagogar, fagarbeidarar og assistentar. Alle desse gjer ein stor innsats for at alle barna i barnehagen skal ha ein god dag.

Skattebøl barnehage er ein kommunal barnehage som tilbyr inntil 60 plassar. Det er god plass å boltre seg på, både inne og ute. Vi ynskjer å vere ein arena der borna kan finne glede i å vere i eit fellesskap med andre born, og knytte vennskap før skuletida tek til.

Kvalifikasjonar

  • Vi ynskjer tilsette med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og muntleg. Dersom du har eit anna språk enn norsk som førstespråk, må du ha gjennomført norskprøve og ha A2 på delprøve i skriftleg framføring og B1 på delprøve i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon.

Personlege eigenskapar
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi ynskjer at du:

  • Har genuin interesse for barn.
  • Trivast i lag med små barn.
  • Er utadvent og trygg på deg sjølv.
  • Er glad i å vere ute i all slags vêr, året rundt.
  • Er varm og omsorgsfull, og samtidig kan setje grenser i møte med barn.
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Har pågangsmot og engasjement.
  • Er lojal og positiv.
  • Er fleksibel og løysingsorientert.
  • Kan uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg.

Vi tilbyr

  • Ein barnehage med gode og utviklande arbeidsmiljø.
  • Engasjerte kollegaer, barn og føresette.
  • Gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning, felles for heile barnehagesekoren. 
  • Pensjonsordning i KLP.
  • Løns- og arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Politiattest og søknad

  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Intervju kan skje fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.

Ta gjerne kontakt med oss.

Velkommen som søkjar!

 

  • Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    06.12.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6467624
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune