• Företag
    Øygarden kommune
  • Ansökningstiden
    28.06.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5783004
  • Se här för andra jobb från Øygarden kommune
  • Uppdaterad 15.06.2024
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Øygarden kommune

Fagarbeidarar 2 x 100%

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Hjelteryggen skule er ein barneskule med om lag 170 elevar på 1.-7.trinn. Skulen ligg idyllisk til på austsida av Sotra, like etter Sotrabrua. 

Hjelteryggen skule har ei spesialavdeling for born som treng eit særleg tilrettelagt undervisningstilbod. Avdelinga gir eit heildagstilbod til born med ulike funksjonshemmingar. Personalet jobbar i tverrfaglege team, der ulike faggrupper er representert. Avdelinga tek imot borna frå heile kommunen.   

Arbeidsoppgåver:
  • Gje støtte og hjelp til born i læringsarbeid, sosial utvikling og i samspel med andre.
  • Oppfølging av born med særlege behov
  • Planleggje og gjennomføre aktivitetar i SFO
Kvalifikasjonar:  Må ha:
  • Fagbrev som Barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant utdanning.
  • Erfaring frå arbeid med mennesker med behov for særleg tilrettelagt kvardag.
Ønskjeleg med:
  • Ønskjeleg med erfaring frå arbeid med born som har behov for særleg tilrettelagt skulekvardag.
Personlege eigenskapar:
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevner
  • God arbeidskapasitet
  • Fleksibel
  • God evne til å byggje relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
  • God evne til å løyse komplekse utfordringar
  • Evne til å jobbe effektivt, strukturert og systematisk
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Anna
  • 100 % fast frå 01.08.24
  • 100% vikariat frå 01.08.24 - 31.07.25
Kontakt:

Siri Håland

Rektor

siri.haland@oygarden.kommune.no

Telefon: 55097904/92857144

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Företag
    Øygarden kommune
  • Ansökningstiden
    28.06.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5783004
  • Se här för andra jobb från Øygarden kommune
  • Uppdaterad 15.06.2024