• Bedrift
    Vaksdal kommune
  • Søknadsfrist
    18.12.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5722, DALEKVAM
    VAKSDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4910912
  • Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
  • Oppdatert 10.12.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vaksdal kommune

Fagarbeidar ved Stanghelle skule/SFO

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du jobba hos oss på SFO på Stanghelle skule?

Det er ledig 40% fast stilling for barne- og ungdomsarbeidar ved for tida Stanghelle skule.  I tillegg er det ledig 60% vikariat frå januar til oktober, som kan kombinerast med den faste stillinga. Stillinga høyrer til SFO.

Stanghelle skule har om lag 90 elevar. Skulen er ein fådelt 1 - 7 skule og har eigen SFO. 

Me er særleg interessert i tilsette som ynskjer å bidra til å utvikle SFO som arena for elevane si utvikling. SFO skal byggja sin praksis på grunnleggjande verdiar som er felles i formålsparagrafane til både barnehage og opplæringa. Verdigrunnlaget skal formidlast og praktiserast i alle deler av arbeidet i SFO og prega innhaldet og arbeidsmåtane (Rammeplan for SFO).

Arbeidsstad 

Stanghelle skule 

Kvalifikasjonar 

  • Godkjend utdanning som barne- og ungdomsarbeidar 
  • Søkjarar med anna relevant kompetanse kan ved behov bli vurdert

Personlege eigenskapar 

  • Du er ein stabil, påliteleg, open og ærleg person  
  • Du liker å vere i aktivitet saman med barn
  • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Du er ein trygg, raus og tydeleg vaksenperson i møte med barna
  • Du er sjølvstendig i tilrettelegginga for enkeltelevar som treng deg for å gjere seg nytte av opplæringa
  • Det er viktig for oss at våre tilsette er på skulen for barna si skuld, men òg er god til å samarbeide med kollegaer 
  • Du er strukturert og interessert i å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Du må ta del i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert
  • Du kan vise til erfaringar der du fremjar samarbeid og utøver positiv kollegastøtte

Søkjar må gjennom kunnskap, erfaring og personlege eigenskapar kunne samarbeide med og skapa tillit og dialog med personale, barn og foreldre. Vi oppmodar menn til å søkja. 

Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing. 

Vaksdal kommune kan tilby 

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø 
  • Kompetente og engasjerte kollegaer 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Individuell oppfølging 
  • Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning 
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk 

Slik søkjer du 

Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar. 
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte. 
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-rådgjevar: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04 

 

  • Bedrift
    Vaksdal kommune
  • Søknadsfrist
    18.12.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5722, DALEKVAM
    VAKSDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4910912
  • Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
  • Oppdatert 10.12.2022