Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
18.12.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4910912Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
- Oppdatert 10.12.2022
Vaksdal kommune
Fagarbeidar ved Stanghelle skule/SFO
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du jobba hos oss på SFO på Stanghelle skule?
Det er ledig 40% fast stilling for barne- og ungdomsarbeidar ved for tida Stanghelle skule. I tillegg er det ledig 60% vikariat frå januar til oktober, som kan kombinerast med den faste stillinga. Stillinga høyrer til SFO.
Stanghelle skule har om lag 90 elevar. Skulen er ein fådelt 1 - 7 skule og har eigen SFO.
Me er særleg interessert i tilsette som ynskjer å bidra til å utvikle SFO som arena for elevane si utvikling. SFO skal byggja sin praksis på grunnleggjande verdiar som er felles i formålsparagrafane til både barnehage og opplæringa. Verdigrunnlaget skal formidlast og praktiserast i alle deler av arbeidet i SFO og prega innhaldet og arbeidsmåtane (Rammeplan for SFO).
Arbeidsstad
Stanghelle skule
Kvalifikasjonar
- Godkjend utdanning som barne- og ungdomsarbeidar
- Søkjarar med anna relevant kompetanse kan ved behov bli vurdert
Personlege eigenskapar
- Du er ein stabil, påliteleg, open og ærleg person
- Du liker å vere i aktivitet saman med barn
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Du er ein trygg, raus og tydeleg vaksenperson i møte med barna
- Du er sjølvstendig i tilrettelegginga for enkeltelevar som treng deg for å gjere seg nytte av opplæringa
- Det er viktig for oss at våre tilsette er på skulen for barna si skuld, men òg er god til å samarbeide med kollegaer
- Du er strukturert og interessert i å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Du må ta del i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert
- Du kan vise til erfaringar der du fremjar samarbeid og utøver positiv kollegastøtte
Søkjar må gjennom kunnskap, erfaring og personlege eigenskapar kunne samarbeide med og skapa tillit og dialog med personale, barn og foreldre. Vi oppmodar menn til å søkja.
Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Kompetente og engasjerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
Slik søkjer du
Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-rådgjevar: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04
Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
18.12.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4910912Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
- Oppdatert 10.12.2022
-
Barne- og ungdomsarbeidar frå august 2023
Vaksdal kommune
DALEKVAM -
Ringevikar/ekstrahjelp i barnehage, skule og SFO
Vaksdal kommune
DALEKVAM -
Lærar - 100% vikariat
Alver kommune
ISDALSTØ -
Rektor Våge skule og barnehage -100 % fast stilling
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Barne- og ungdomsarbeidar 100 % fast stilling
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD