• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    03.06.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6630112
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Øygarden kommune

Fagarbeidar inntil 50% stilling, 2 faste stillingar, Brattholmen skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Brattholmen skule er ein barneskule med 350 elevar og 60 tilsette. Satsingsområda våre dette året er lesing, tverrfaglege prosjekt, leik og uteskule. Visjonen vår er: "saman skapar vi framtida". Skulen har nynorsk som målform. 

Brattholmen skule ligg sentralt på Litlesotra, nær Sartor senter, og har om lag 20 minutt køyretid til Bergen sentrum. 

Arbeidsoppgåver:
  • Ansvar for grupper av barn eller enkeltelevar i skule og SFO
  • Planleggja og gjennomføra aktivitetar
  • Vera ute i all slags ver dagleg
  • Leggja til rette for gode opplevingar for barna
  • Kunna ta livredningskurs
  • Vera motivert for alternative opplæringsarenaer
Kvalifikasjonar:Må ha:
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
  • Fagbrev i Barne- og ungdomsarbeidarfaget
  • Erfaring med arbeid med barn
  • Tilgang til eigen bil
Personlege eigenskapar:
  • Har evne til å vise omsorg, er open og trygg i rolla di, og taklar utfordrande situasjoner
  • Er ein god relasjonsbyggar og løysingsorientert
  • Er positiv, engasjert, nysgjerrig og har pågangsmot
  • Er strukturert, ansvarsbevisst og sjølvstendig
  • Har høg arbeidskapasitet
  • Har gode evner til å samarbeida og lytta
  • Er lojal mot verdiane og måla til skulen
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt: 

Kontaktperson: Ingvill Kvalsnes Blom

Stillingstittel: Rektor Brattholmen skule

Telefon: 975 16 949

E-post: Ingvill.blom@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. 

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    03.06.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5337, RONG
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6630112
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune