Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
23.06.2021Anställningsform
workTime.NattBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Manger
ALVER
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
3919392Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 09.06.2021
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Alver kommune
Fagarbeidar i våken nattevaktstilling - 3x62,45 % fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du arbeide saman med oss og vere med på å vidareutvikle tenester til menneske med psykiske helse- og/eller rusproblem? Har du engasjement for fagfeltet og deler raust omsorg, kunnskap og erfaring med andre? Då ønskjer vi akkurat det til å arbeide saman med oss.
Kort om stillinga
Vi har ledig 3 faste stillingar som våken nattevakt, med arbeid kvar 3. helg i 62,45 % stilling med mogleg auke til 69,01 %. Stillinga er for tida knytt til butiltak drifta av Radøy interkommunale busenter på Manger.
Vi søkjer etter deg med helse og sosialfagleg kompetanse, med erfaring og engasjement for fagfeltet psykisk helse.
Dei tre stillingane har forskjellig oppstart og er ledige frå 19.08.2021, 01.09.2021 og 02.11.2021.
Om Radøy interkommunale busenter
Radøy interkommunale busenter er eit heildøgnsbemanna busenter for personar med psykisk helseproblem. Arbeidsstaden har for tida tilsette i medleverturnus, langvakter og våke nattevakt. Bebuarane har kvar si leilegheit med kjøkkenkrok og bad. I tillegg er det 2 fellesstover, 2 felleskjøkken og felles vaskerom til disposisjon for beburarane. Personal ved Radøy interkommunale Busenter driftar og eit eige butilbod like i nærheta. Nattevaktstillingane er knytt til dette butilbodet.
Arbeidsoppgåver
- Individuell oppfølging av brukarar i eige bumiljø utifrå behov og målsetting med miljøterapeutiske tiltak
- Skape ro, støtte og tryggleik for bebuar på natt
- Delta i kvalitetsutvikling av tenesta, og bidra til at målsettingar vert nådd
- Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar for å skape eit heilskapleg tenestetilbod
- Rapport munnleg og skriftleg
Kompetanse
Krav til kompetanse
- Fagarbeidar med helse og sosialfag
- Erfaring frå arbeid med psykisk helse- og rusfeltet
Lang erfaring frå brukargruppa kan kompensere for manglande utdanning.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg med følgjande kvalifikasjonar:
Du har engasjement og interesse for fagfeltet psykisk helse og rus. Du har arbeidserfaring frå feltet og tør å stole på deg sjølv. Du er trygg i møte med andre og kan ta sjølvstendige avgjersler. Du er handlekraftig, tolmodig og bestemt. Det er ønskjeleg at du har sertifikat klasse B.
Erfaring frå arbeid med brukargruppa, personlege eigenskapar og samarbeidsevner vert tillagt avgjerande vekt.
Vi tilbyr
Eit sjølvstendig arbeid i eit fagleg engasjerande og godt arbeidsmiljø
Fagutvikling
Rettleiing
Tilsetjing i hht. gjeldande avtaleverk
Pensjonsordning i KLP
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
23.06.2021Anställningsform
workTime.NattBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Manger
ALVER
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
3919392Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 09.06.2021