• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    02.08.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6664985
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Ledig stilling

Fjaler kommune

Fagarbeidar i Våge barnehage, 100 % fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Våge barnehage har ledig ei 100 % fast stilling for barne- og ungdomsarbeidar, der delar av arbeidsoppgåvene vil være oppfølging og tilrettelegging for enkeltbarn.

Vi ser etter deg som brenn for pedagogisk arbeid, som er god på å bygge relasjonar til barna og deira føresette og som vil vere med oss på å lage gode kvardagar i barnehagen vår.

Vi ønskjer oss søkjarar som går inn i stillinga med engasjement og initiativ. Høyrest dette ut som deg? I så fall gler vi oss til å få søknaden i frå deg. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om stillinga eller vil høyre meir om korleis det er å jobbe i Våge barnehage.

 

Kvalifikasjonar
  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
  • Ynskjeleg med erfaring frå arbeide med barn i barnehage.
  • Andre med erfaring frå barnehage kan og søkje og blir vurdert om vi ikkje får søkjarar med fagbrev.
  • God norsk kunnskapar både skriftleg og  munnleg.
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding.

Personlege eigenskapar
  • Har godt samspel med barn og vaksne.
  • Er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen med god relasjonskompetanse.
  • Kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.
  • Jobbar løysningsorientert i eit travelt miljø – og held på humøret.

Vi vektlegg at du er personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr
  • Ein variert og kjekk kvardag.
  • Givande kvardag med flotte barn.
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer.
  • Løn etter utdanning og ansiennitet.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

 

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    02.08.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6664985
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune