Ledig stilling

Øygarden kommune

Barne- og ungdomsarbeidar, 100% mellombels - Stranda skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga: 

Stranda skule er ein barneskule på Steinsland sør i Øygarden kommune om lag 20 minuttar køyretur frå regionsenteret Straume. Stranda skule er ein nynorskskule. Skuleåret 2026-2027 vil skulen ha om lag 278 elevar og 40 tilsette.

Visjonen vår er «Trivsel, leik og læring - hand i hand mot framtida.» Vi er oppteken av at skulen skal vere eit inkluderande felleskap som fremjar helse, trivsel og læring for alle.

Vi søkjer no ein trygg, kompetent og relasjonssterk medarbeidar som ønskjer å bidra til eit inkluderande og utviklande læringsmiljø for elevar i ulike aldersgrupper. Stillinga omfattar arbeid i skule, SFO og ferie-SFO. 

Arbeidsoppgåver:
  • Miljøarbeid i skulekvardagen, individuelt og i gruppe
  • Støtte til elevar med særskilte behov, inkludert ADL-oppgåver. Oppgåver knytt til dagleg stell og omsorg vil vere ein del av arbeidet
  • Bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø i samarbeid med pedagogar og andre fagpersonar
  • Oppfølging av elevar med særskilte behov, inkludert struktur, sosial trening og praktiske oppgåver
  • Aktiv deltaking i SFO og ferie-SFO, med ansvar for aktivitetar, omsorg og dagleg oppfølging
  • Samarbeid med føresette og eksterne instanser ved behov
  • Bidra til gode rutinar, dokumentasjon og heilskapleg elevoppfølging
Kvalifikasjonar:
  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, søkjarar med anna relevant fagbrev som helsefagarbeidar, kan bli vurdert
  • Relevant erfaring frå arbeid med barn og unge som har behov for heilskapleg tilrettelegging
  • God forståing for arbeid med tilrettelegging og særskilte behov
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
  • Erfaring med ulike diagnosar som autisme og psykisk utviklingshemming
  • Erfaring med teikn til tale. Opplæring ved behov
  • Førarkort klasse B
  • Livredningskompetanse i basseng. Opplæring ved behov
  • God kjennskap til førebyggjande arbeid i skulen
Personlege eigenskapar:
  • Relasjonskompetanse og evne til å skape tryggleik
  • Tydeleg, varm og strukturert i møte med elevar
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Løysingsorientert, fleksibel og trygg i ein variert kvardag
  • God evne til å skape ro, oversikt og forutsigbarhet
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Anna:
  • Stillinga er ei mellombels stilling, gjeldande frå 01.08.2026 til 31.07.2027
  • Stillinga gjeld og ferie-SFO

Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
  • Christel Lewington Brown - Rektor Stranda skule

            Tlf: 94821970

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. 

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.