Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
30.04.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6592643Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Fagarbeidar i Kyrkjebakken barnehage
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kyrkjebakken barnehage vert reetablert 01.08.2026. Sogndal kommune overteke då SAMAN studentbarnehage Sogndal til ein kommunal barnehage. Ved oppstart 01.08.2026, er me i SAMAN sin lokale i Dalavegen i Sogndal sentrum, før me i løpet av barnehageåret flyttar til Kyrkjebakken, som ligg omlag 800 meter frå SAMAN sine barnehagelokale
Kyrkjebakken barnehage er ein 3-avdelingsbarnehage i Sogndal sentrum, men samstundes nær skog og fin natur. Me har eigen naturleikeplass. Samla sett er det eit unikt nærområde som gir barna rom for undring, meistring og leik.
Kyrkjebakken barnehage nyttar «Marte Meo-metoden» i daglege samspelsituasjonar med barna, og til rettleiing av personalet. Marte Meo som rettleiingsmetode inneber at me bruker video og visuelle bilete av samspel som utgangspunkt for rettleiing. Metoden er ein praktisk modell til utvikling av nye ferdigheiter som personalet tek med seg tilbake til det daglege samspelet med barna. Dei visuelle bileta gir oss konkret informasjon "steg for steg" om kva som skjer i samspelet, samtidig som metoden gir oss høve til å binde saman teori og praksis.
Formålet med å bruke metoden i arbeidet vårt er å få:
- Auka kunnskap om samspel
- Betre og sterkare kvalitet på samspelet
- Felles forståing for prinsippa for støttande kommunikasjon
- Større forståing og innsikt i enkeltbarnet
- Utvikla evna til observasjon
- Reflektert over vår eiga rolle i møte med enkeltbarnet
Som tilsett i barnehagen kan du bidra til å vera med å påverke kvardagen til barna i nært samarbeid med andre tilsette og føresette.
For barnehageåret 2026/2027 har med ledig eit 100 % vikariat som fagarbeidar i Kyrkjebakken barnehage.
Arbeidsoppgåver:
- Sørge for trygge og gode kvardagar for barna.
- Jobbe for inkludering og eit godt sosialt miljø.
- Medverke til samarbeid og relasjonsbygging med barn , tilsette ,føresette og andre samarbeidspartnar.
- Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna.
- Bidra til leik, læring og utvikling i tråd med barnehagen sine planar.
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som barne og ungdomsarbeidar utdanning.
- Andre erfaringar og jobb praksis vert også vurdert.
- Politiattest er ein føresetnad for tilsetting.
- Gode norsk kunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar:
- Omsorgsfull , tolmodig og tydeleg
- Engasjert i leiken og samspel med barna.
- Tek initiativ og ansvar.
- Likar å vera ute i allslags ver.
- Gode samarbeidsevner.
- Vera fleksibel og løysningsorientert.
Me tilbyr:
- Ein spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Lønn etter gjeldande avtaleverk.
- Varierte og meiningsfulle arbeidsdagar.
- Moglegheit for fagleg utvikling.
Velkomen som søkar!
Praktisk informasjon
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsspråket i kommunane er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.
I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak. Du blir varsla før eventuell offentleggjering.
Har du spørsmål om stillinga, kan du kontakte Benedikte Brenden, tenesteleiar og styrar i Kyrkjebakken barnehage, på e-post benedikte.brenden@sammen.no eller på telefon 91106209.
Søknad må sendast inn via rekrutteringssystemet EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
30.04.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6592643Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
100 % vikariat som fagarbeidar/assistent i Notsete barnehage
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Barnehagelærar i Furuli barnehage - bli med på leikelaget!
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Vikariat som fagarbeidar/assistent, Ylvisåker barnehage
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Vikariater som fagarbeidar/assistent i Sagatun barnehage
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Henjahaugane barnehage: 60 % vikariat som fagarbeidar eller assistent
Sogndal kommune
SOGNDAL