• Företag
    Fjaler kommune
  • Ansökningstiden
    24.11.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5950467
  • Se här för andra jobb från Fjaler kommune
Ledigt jobb

Fjaler kommune

Fagarbeidar eller assistent i BPA 100 % fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig ei 100 % fast stilling som fagarbeidar eller assistent i BPA (brukarstyrt personleg assistanse).
Vi ser etter deg som likar å jobbe med menneske, har fokus på tilrettelegging og brukarmedverknad, og som vert motivert av faglege utfordringar. Har du utdanning innan helse/sosial, kan du vere den vi søkjer etter.

Søkjarar som har erfaring med liknande arbeid utan fagbrev vil og bli vurdert, då gode evner til relasjonsbygging er viktig i denne stillinga. Det er ope for langvakter om ynskjeleg eller todelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Vi nyttar årsturnus med oppstart i februar/mars kvart år.

Du blir tilsett i Fjaler kommune, men tenestene er organisert som brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Ordninga omfattar dei same tenestene som ordinære helse- og omsorgstenester, men er organisert slik at brukaren har større innverknad på sin eigen kvardag. Som tilsett jobbar du tett opp mot brukar i kvardagen. Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.

Lurer du på om dette kan vere noko for deg, så håper vi du tek kontakt med oss.


Arbeidsoppgåver

• Bidra til å skape gode kvardagar saman med brukar
• Bistand i daglege gjeremål for brukar

Kvalifikasjonar

• Utdanning innan helse/sosial
• Søkjarar som har erfaring med liknande arbeid utan fagbrev vil og bli vurdert
• Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding
• Beherske norsk munnleg og skrifteleg
• Vi vektlegg at ein er personleg eigna til stillinga

Personlege eigenskapar

• Sjølvstendig, ansvarsbevisst, engasjert
• God på å kommunisere og bygge relasjonar
• Strukturert
• Gode samarbeidsevner og godt humør
• Fleksibel
• Tydeleg

Vi tilbyr

• Løn etter utdanning og erfaring
• Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

  • Företag
    Fjaler kommune
  • Ansökningstiden
    24.11.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5950467
  • Se här för andra jobb från Fjaler kommune