Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
23.04.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5131253Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
- Oppdatert 14.04.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Askvoll kommune
Fagarbeidar/assistent ved Atløy skule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Atløy skule har for skuleåret 2023/24 ledig inntil 100% stilling som fagarbeidar.
Arbeidsområdet vil vere i skulen og i skulefritidsordninga. Stillinga vil følgje elevane sitt arbeidsår (39 veker) og den daglege arbeidstida for 100% stilling vert då 8,5 time pr dag. Vaktene i skulefritidsordninga er delt med nokre vakter før skuletid og nokre etter skuletid.
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeiderfag, men anna relevant utdanning og erfaring vil bli vurdert
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
- Den som vert tilsett må legge fram godkjent politi- og tuberkulinattest før tiltreding
- Det er ønskjeleg med erfaring frå pedagogisk arbeid
Personlege eigenskapar:
- har godt samspel med barn og vaksne
- kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha godt humør
Vi tilbyr
- løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
- gode pensjonsordningar
- godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
- gode mogelegheiter for fysisk aktivitet bade inne og ute i SFO-tida
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Pensjonsmedlemsskap i KLP. Dersom det ikkje melder seg søkjar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeiderfaget, kan det bli aktuelt å tilsetje assistent.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.
Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
23.04.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5131253Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
- Oppdatert 14.04.2023