• Bedrift
    Askvoll kommune
  • Søknadsfrist
    23.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5131253
  • Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
  • Oppdatert 14.04.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Askvoll kommune

Fagarbeidar/assistent ved Atløy skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Atløy skule har for skuleåret 2023/24 ledig inntil 100% stilling som fagarbeidar. 

Arbeidsområdet vil vere i skulen  og i skulefritidsordninga.  Stillinga vil følgje elevane sitt arbeidsår (39 veker) og den daglege arbeidstida for 100% stilling vert då 8,5 time pr dag. Vaktene i skulefritidsordninga er delt med nokre vakter før skuletid og nokre etter skuletid.  

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeiderfag, men anna relevant utdanning og erfaring vil bli vurdert
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjent politi- og tuberkulinattest før tiltreding
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå pedagogisk arbeid

Personlege eigenskapar:

  • har godt samspel med barn og vaksne
  • kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha godt humør

Vi tilbyr

  • løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
  • gode pensjonsordningar
  • godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
  • gode mogelegheiter for fysisk aktivitet bade inne og ute i SFO-tida

 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.  Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.  Pensjonsmedlemsskap i KLP. Dersom det ikkje melder seg søkjar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeiderfaget, kan det bli aktuelt å tilsetje assistent.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin. 

 

 

  • Bedrift
    Askvoll kommune
  • Søknadsfrist
    23.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5131253
  • Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
  • Oppdatert 14.04.2023