• Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    27.10.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5914265
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune
Vacancy

Fjaler kommune

Fagarbeidar/assistent og pedagogiske leiarar i Yksnebjør barnehage

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du genuint opptatt av barn si utvikling og oppvekst? Vi har ledig følgande stillingar i Yksnebjør barnehage frå 1. januar 2025:

  • Ei 100 % fast stilling som fagarbeidar eller assistent
  • To 100 % vikariat som pedagogisk leiar frå 1. januar 2025 og ut barnehageåret 2024/25.

Ho oss får du ein variert og kjekk kvardag saman med barna og eit godt arbeidsmiljø med ei fin aldersblanding i kollegiet. Vi har introduksjonsprogram for nytilsette, løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ og svært gode pensjons- og forsikringsordningar. Yksnebjør barnehage har 49 barn fordelt på seks avdelingar  Vi ligg høgt og flott til med eit allsidig uteområde. Vi har flott utsyn over Dalsfjorden og har nærleik til sjø, skogsområde, bibliotek og sentrum.

Som pedagogisk leiar vil du ha arbeidsoppgåver der du brukar din faglege, pedagogiske og etiske kompetanse for å skape ei ramme der barn kjenner seg som ein del av eit fellesskap; ei ramme der barn får utvikle seg og oppleve meistring. Du vil ha ansvar for å rettleie medarbeidarane på avdelinga di og sjå til at barnehagelova og rammeplan vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet på avdelinga.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål til stillingane.

Kvalifikasjonar:
  • For stillingane som pedagogisk leiar: Høgskuleutdanning som barnehagelærar
  • For stillinga som fagarbeidar/assistent: Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Andre med erfaring frå arbeid i barnehage kan og søkje og vil bli vurdert om vi ikkje får kvalifiserte søkjarar med fagbrev.
  • Ønskjeleg at ein har erfaring med å jobbe med flyktningebarn
  • Gode norskkunnskapar - både skrifteleg og munnleg
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politiattest

Om deg:
  • Har godt samspel med barn og vaksne
  • Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør

Vi vektlegg at du er personleg eigna til stillingane.

Kommunen er oppteken av at ein skal ha balanse mellom kjønna i eit kollegium, og menn vert føretrekt under elles like føresetnader.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg.
Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg

 

 

  • Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    27.10.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5914265
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune