Företag
Sula kommuneAnsökningstiden
23.11.2026Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6037, EIDSNES
SULA
Antal befattningar
1Karriere-kod
6757632Se här för andra jobb från Sula kommune
Sula kommune
Fagarbeidar/assistent i skule og SFO
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du ein positiv rollemodell, leiken og har hjarte for barn og unge? Solevåg skule søker etter fagarbeidar/assistent i inntil 95% for komande skuleår. Vi har behov for gode vaksne som likar varierte arbeidsdagar og som kan arbeide både i skule og SFO.
Skulen vår har om lag 185 elevar frå 1.-7. trinn, samt omlag 80 aktive barn i SFO. Vi har eit godt arbeidsmiljø der folk trivst, eit flott uteområde og det er kort veg til fleire fine naturområde.
Det er ønskeleg oppstart frå 5.januar 2027, eller etter nærare avtale. Vi tek omsyn til eventuell oppseiingstid.
Kvalifikasjoner:
Vi søkjer etter ein god og trygg rollemodell som har:
- utdanning som barne- og ungdomsarbeidar. Gode vaksne med anna relevant kompetanse og bakgrunn kan også vere aktuelle.
- grunnleggande IKT-kompetanse
- god kompetanse i norsk språk, munnleg og skriftleg
Vi har også ønskje om at du har erfaring frå arbeid med barn og unge, og/eller barn med stort oppfølgingsbehov.
Personlige egenskaper:
Kven er du? Vi søkjer etter vaksne som:
- likar å vere saman med barn og unge, og likar fysisk aktivitet ute og inne
- er ein tydeleg vaksen/rollemodell som legg vekt på å bygge gode relasjonar i elevgruppa
- kan jobbe sjølvstendig og ta raske avgjerder, men også er ein lagspeler.
- er positiv og vektlegg samarbeid.
- er løysingsorientert.
I tilsettingsprosessen vil vi leggje vekt på om søkjaren er personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr:
Vi kan tilby:
- ei spennande og utviklande stilling som fagarbeidar/assistent i skule og SFO.
- eit triveleg og inkluderande skole- og arbeidsmiljø.
- arbeidsklede
- gratis parkering
- tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Företag
Sula kommuneAnsökningstiden
23.11.2026Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6037, EIDSNES
SULA
Antal befattningar
1Karriere-kod
6757632Se här för andra jobb från Sula kommune