Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
26.12.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6472440Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Fagarbeidar/assistent i Kjørnes barnehage
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kjørnes barnehage er ein naturbarnehage som ligg flott til i byggefeltet på Kjørnes, 4 km utanfor Sogndal sentrum, med gode buss- og sykkelforbindelsar. Me har eit stort uteområde med skog, fjordutsikt og varierte leike- og turområde.
Barnehagen har fem avdelingar og legg stor vekt på fysisk aktivitet, friluftsliv heile året og barns medverknad i mat- og måltidsaktivitetar. Me har eige gymrom, variert utemiljø med klatrevegg, ulendt terreng, og ein stor trelavvo som fungera som uteavdeling for storbarnsavdelingane.
Det er ledig 100 % vikariat som fagarbeidar/assistent i Kjørnes barnehage i Sogndal kommune frå 02.01.2025.
Det kan verte fleire ledige stillingar enn det som er utlyst i denne utlysinga. Då vil me ta kontakt med aktuelle søkjarar frå denne søknadsrunden. Utlysinga gjeld difor og eventuelt andre ledige barnehagestillingar som kan koma til seinare i vinter, og søkarar kan vere aktuelle for stillingar som ikkje er annonsert gjennom denne utlysinga.
Arbeidsoppgåver:
- Skapa eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø for alle barna i barnehagen.
Ta initiativ, visa engasjement og gjennomføra planlagde aktivitetar på avdelinga.
Vera ein aktiv deltakar i barna sin leik og læring både ute og inne.
Skapa gode relasjonar til alle barna i barnehagen.
Samarbeida med kollegaene og med føresette.
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
Anna relevant utdanning som sosialt arbeid, vernepleiar, barnevernspedagog, idrett, friluftsliv.
Erfaring frå arbeid med barn og unge.
Nivå A2 på delprøven i skriftleg framstilling og nivå B1 på delprøvane i leseforståing, lytteforståing og munnleg.
Interesse og erfaring med friluftsliv og fysisk aktivitet for barn.
Interesse og erfaring for mat og helse, og legge til rette for barns medverknad i mat og måltidsaktivitetar.
Du kan søkje om du ikkje har godkjend relevant utdanning eller relevant erfaring.
Personlege eigenskapar:
- Engasjement for arbeid med barn.
Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar.
Fysisk aktiv og leiken.
Tek initiativ og ansvar.
Evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa, med føresette og medarbeidarar.
Likar å arbeida saman med andre.
Taklar høgt tempo i kvardagen.
Godt humør.
Leik er eit prioritert område i Sogndalsbarnehagen. Leiken har ein eigenverdi for barna som ein positiv og lærande aktivitet.
Leikande barn og leikande vaksne er avgjerande i:
Relasjonsbygginga med barna.
Det førebyggande arbeidet.
Det å skape eit trygt og godt barnehagemiljø for barna.
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
Kjekke og varierte dagar.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Gode velferdsordningar.
Oppfølging og rettleiing
Bedriftstrening
Sogndal kommune – utfordrarbygda med eit høgt kompetansemiljø
I Sogndal kommune meiner me at medverknad frå barn, føresette og tilsette vil gje eit trygt og godt barnehagemiljø. Me har derfor fokus på tillitsbasert leiing og me er ein kommune som er framoverlent og nytenkjande. Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling skal du og andre tilsette sikre god kvalitet og utvikling for alle barna i den langstrakte kommunen vår.
Sogndal kommune sine verdiar «SOGN» pregar Sogndalsbarnehagen: Samskapande – Open – God – Nysgjerrig . Bli betre kjend med Sogndal kommune her: www.sogndal.kommune.no
Sogndal kommune er ein stad full av unike opplevingar, vakker natur og spanande arbeidsplassar. Dersom du treng tips til kva du kan finne på når du har fri har me aktivitetskalendaren Kva skjer?
Her kan du få tips til aktivitetar innan kultur, idrett og andre arrangement som skjer i dei ulike bygdene våre.
Andre opplysningar:
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Politiattest må leggast fram før tilsetjing.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknad må leverast innan fristen 14. desember, og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
26.12.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6472440Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
Rocket-Man søkjer aktivitetsguidar
Sogndal kommune
Sogndal -
Leik, læring og lykke - vil du bli vår nye kvardagshelt?
Stavanger Kommune
SJERNARØY -
Leiar for digitalisering og IKT
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Driftsoperatør VA i Balestrand
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Leiar for vatn og avløp
Sogndal kommune
SOGNDAL