• Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    29.11.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6760862
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
Ledigt jobb

Sunnfjord kommune

Fagarbeidar/ assistent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sunde skule er ein barneskule i Sunnfjord kommune med om lag 150 elevar. Vi arbeider for å skape eit trygt, inkluderande og læringsfremjande miljø der alle elevar opplever meistring, utvikling og tilhøyrsle.
Tilsette ved skulen samarbeider tett for å gi elevane ein trygg, god og meiningsfull skulekvardag.

Vi har ledig:
  • 100 % vikariat for fagarbeidar eller assistent frå 01.01.2027 - 31.07.2027

Stillinga følger skuleåret. Lønsprosenten vert 89 %.

Om stillinga:

Vi søkjer ein engasjert medarbeidar til arbeid i skule og SFO. Stillinga inneber tett oppfølging av elevar med særskilde behov, mellom anna elevar med autismespekterforstyrring (ASF).

Arbeidsoppgåvene omfattar:
  • dagleg oppfølging og støtte til elevar i undervisning og friminutt
  • bidra til tryggleik, meistring og sosial utvikling
  • støtte elevane i kommunikasjon og samhandling med andre
  • samarbeid med lærarar, føresette og andre fagpersonar
  • deltaking i SFO-tilbodet


Vi ser etter deg som trivst med å arbeide tett på enkeltelevar og bidra til tryggleik, kommunikasjon, meistring og utvikling i skule og SFO.

Kvalifikasjonar:
  • barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar og andre med interesse for faget
  • god munnleg og skriftleg framstillingevne på norsk
  • godkjent politiattest av ny dato må leggjast fram før tiltreding
  • har god fysisk form som gjer deg i stand til å følgje opp elevane gjennom ein aktiv skulekvardag
Det er ein fordel om du har:
  • erfaring frå arbeid med elvar med autismespekterforstyrring (ASF)
  • erfaring med alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
  • erfaring frå arbeid i skule, SFO eller liknande verksemd
 Vi søker deg som: 
  • har interesse for og motivasjon til å arbeide med elevar med særskilde behov
  • møter utfordrande situasjonar på ein roleg, trygg og profesjonell måte
  • har gode samarbeidsevner og samtidig arbeider sjølvstendig og strukturert
  • er fleksibel, løysingsorientert og initiativrik
  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr:
  • eit inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø
  • meiningsfulle arbeidsoppgåver der du kan gjere ein forskjell for elevane
  • samarbeid med dyktige og engasjerte kollegaer
  • løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk

 

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk. 

 

  • Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    29.11.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6760862
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune