• Company
    Ål Kommune
  • Application deadline
    22.09.2023
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3570, ÅL
    ÅL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5349868
  • Look here for other jobs from Ål Kommune
  • Updated 13.09.2023
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Ål Kommune

Fagarbeidar / assistent

Offentlig forvaltning

Har du interesse for å jobbe med barn, og eit ønskje om å jobbe i skule og SFO? Frå 01.10 har me ledig ei fast stilling på Nedre-Ål skule. Me ser etter deg med gnist for å gjere ein forskjell i barn sin skulekvardag.

Arbeidstida er 37,5 t/veka i gjennomsnitt, men fri i alle skuleferiar. Lønsutbetalinga er derfor 89%. Det vil vere moglegheiter for å arbeide ekstra i feriar dersom du ynskjer det.

Nedre-Ål skule er ei 1-7 skule med 230 elevar og om lag 50 tilsette. Me er opptekne av friluftsliv, aktiv og praktisk læring, smart bruk av digitale hjelpemiddel og å utvikle oss saman.

Arbeidsoppgåver

  • delta og engasjere seg i skulen sitt pedagogiske opplegg
  • følge opp elevar med særskilde behov
  • vere ei aktiv støtte for undervisninga i klassen og i grupper av elevar
  • gje elevane omsorg, skape tryggheit og trivsel
  • planlegge og gjennomføre aktivitetar på SFO
  • samarbeid med kollegaer og ha kommunikasjon med heimane på SFO

Kvalifikasjonar

  • gode norskkunnskapar
  • relevant fagbrev eller arbeidserfaring

Eigenskapar

  • eit brennande engasjement for å jobbe med barn
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • pågangsmot og engasjement
  • er påliteleg og positiv
  • fleksibel og løysingsorientert

Personlege eigenskapar vil bli vektlagd.

Me tilbyr

  • arbeid i team saman med lærarar og miljørettleiarar
  • ein variert og meiningsfull kvardag
  • vakker natur og gode turalternativ i nærmiljøet
  • eit veldig godt kultur- og idrettstilbod - Ål har gjort det skarpt på Noregs kulturbarometer over tid, og vart kåra til Noregs kulturkommune i 2021-23

Les meir om Ål

Søknad og politiattest

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

 

 

  • Company
    Ål Kommune
  • Application deadline
    22.09.2023
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3570, ÅL
    ÅL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5349868
  • Look here for other jobs from Ål Kommune
  • Updated 13.09.2023