• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    24.09.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6367699
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Ledig stilling

Fjaler kommune

Sjukepleiar i 80 % nattevaktstilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig ei 80 % fast nattevaktstilling som sjukepleiar i Fjaler Kommune. I denne stillinga vil du jobbe i team saman med to kollegaer i heimetenesta og sjukeheim. Det er ynskjeleg at ein vekslar på å jobbe inne på institusjon og ute i heimetenesta.

Vi har årsturnus på 52 veker med arbeid kvar 3. helg. Arbeidstida er frå klokka 22.00 – 07.15.

Våre tenester vert tilpassa for å møte framtidas behov, og vi har mange spanande oppgåver. Det er oppretta ressursgrupper på tvers av einingane i kommunen innan ulike tema som lindrande behandling - kreft, velferdsteknologi og demens. Dette for å få ytterlegare kompetanse innan dei ulike fagfelta.

Arbeidsoppgåver:
  • utføre heilhetlig omsorg og pleie.
  • kartlegge, vurdere og igangsetje målretta sjukepleietiltak.
  • tverrfagleg samarbeid for å sikre god pasientbehandling
  • medikamenthandtering
  • handtering av tryggleiksalarmar
  • terminalpleie i heim og på institusjon
  • ansvarsvakt på natt
  • sikre at det vert utført fagleg forsvarleg tenesteyting til den einskilde brukar
  • medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med dei andre einingane
  • jobbe kunnskapsbasert
  • bidra til auka fagleg utvikling

Kvalifikasjonar:
  • autorisasjon som sjukepleiar
  • sjukepleiarstudentar som er ferdig innan Juni 2026  kan og søke på stillinga.
  • førarkort klasse B
  • god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar
  • gode samarbeidsevner
  • sjølvstendig
  • god på kommunikasjon
  • evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
  • engasjement for eldreomsorg

Det blir vektlagt om ein er personleg egna for stillinga

 

Vi tilbyr:
  • fadderordning og introduksjonsprogram for nytilsette
  • løn etter utdanning og erfaring
  • 35 000,- alltid på topp tillegg
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • etterutdanning innan satsingsområde
  • godt arbeidsmiljø


Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

 

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    24.09.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6367699
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune