• Company
    Ål Kommune
  • Application deadline
    14.12.2022
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3570, ÅL
    ÅL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4900645
  • Look here for other jobs from Ål Kommune
  • Updated 01.12.2022
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Ål Kommune

Fagarbeidar 70 % - Skattebøl skule

Offentlig forvaltning

Det er ledig eit vikariat i inntil 70 % stilling som fagarbeider ved Skattebøl skule i perioden 01.01.2023-31.07.2023. 

Me har fokus på å sjå alle elevane og gje god tilpassa opplæring. Personalet er ein innovativ gjeng som heile tida leitar etter løysingar til beste for den enkelte elev og for alle. Me søkjer etter ein fagarbeider som opptatt av å ha elevens styrkar i fokus, og er engasjert i den leikbaserte og praksisnære undervisninga. Stillinga vil vere knytt hovudsakleg til enkeltelev og SFO.

Den som blir tilsett må kunne arbeide innanfor heile opningstida til skulen/SFO. 

Kvalifikasjonar 

Me ynskjer tilsette som har utdanning som fagarbeider med fagbrev som barne- og ungdomsarbeider, eller fagbrev innan helse, annan relevant utdanning og praksis vert og vurdert. 

Personlege eigenskapar 

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Me ynskjer tilsette som har genuin interesse for barn og unge med særskilte behov.

Me ynskjer at du

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 
  • har pågangsmot og engasjement 
  • er lojal og positiv 
  • er fleksibel og løysingsorientert 
  • kan starte opp så snart som mogleg 

Lønsvilkår 

Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala. 

Politiattest 

Den som vert tilsett må legge fram politiattest. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga. 

Send søknad 

Det skal sendast elektronisk søknad.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn i den elektroniske søknaden eller levert inn tidlegare.  

 

Du er velkomen til å ta kontakt med rektor dersom du har spørsmål til stillinga. 

 

  • Company
    Ål Kommune
  • Application deadline
    14.12.2022
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3570, ÅL
    ÅL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4900645
  • Look here for other jobs from Ål Kommune
  • Updated 01.12.2022