Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
17.11.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6753426Se her for andre jobber fra Ål Kommune
Ål Kommune
Fagarbeidar
Offentlig forvaltning
Sando barnehage er ein to-avdelings barnehage som ligg ca fem kilometer frå Ål sentrum. Sando barnehage legg vekt på å skape gode kvardagar for barna der tryggheit, fellesskap, omsorg og det å bry seg om kvarandre står sentralt. Me vil vera tydelege og nærverande vaksne for barna, og gje dei trygge rammer – KVAR DAG.
Som fagarbeidar / assistent i barnehage må du først og fremst like å vera saman med barn, og klar for å leike saman med dei som ein fagprofesjonell.
No har me eit 100 % vikariat ledig i Sando barnehage i perioden 01.01.27 - 31.12.27.
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
- Eventuelt anna relevant utdanning / erfaring.
Personlege eigenskapar
Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer deg som:
- Brenn for barnehageyrket og det beste for barna.
- Trivst i lag med små barn
- Er utadvent og trygg på deg sjølv.
- Beherskar det norske tale- og skrivemålet godt.
- Er glad i å vere ute i all slags vêr, året rundt.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Er fleksibel og løysingsorientert.
- Bidreg fagleg og sosialt i personalgruppa.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr
- Barnehagar med eit god fagleg miljø.
- Personalgrupper som verdsett humor i kvardagen.
- Meiningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer.
- Pensjonsordning i KLP.
- Lønn etter gjeldande tariffavtale.
- Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
- Gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning.
Velkomen som søkjar!
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
17.11.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6753426Se her for andre jobber fra Ål Kommune