• Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    16.10.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5904399
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
  • Updated 02.10.2024
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Sogndal kommune

Fagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sagatun skule og SFO lyser etter fagarbeidar, i 100% stilling, vikariat for skuleåret 2024/2025, som kan arbeide med spesialpedagogiske /sosialpedagogiske tiltak.

Kontaktlærar har det faglege ansvaret, og fagarbeidaren vil samarbeide med kontaktlærar og føresette om opplæringstilbodet. Vi søkjer ein stabil person, som kan vere med å gjere ein forskjell for elevane på skulen vår og på SFO.

 

Arbeidsoppgåvene vil variere etter behov og blir utarbeidd i tett dialog med kollegaer. Fagarbeidaren skal mellom anna arbeide med:

  • Eit trygt og godt læringsmiljø for elevane.
  • Eit godt samarbeid med lærarar på teamet, teamleiarar og anna personale.
  • God samhandling med PP-tenesta, andre samarbeidspartar og delta i samarbeidsmøte knytt til elevane.
  • Rettleiing og tilrettelegging av eit heilskapleg opplæringstilbod ut i frå elevane sitt behov.
  • Eit godt skule-heim samarbeid og til eleven sitt beste.
  • Sosial trening og eigenmeistring, og etablere eit sosialt nettverk rundt elevane.

 

Kvalifikasjonar:

  • Me søkjer primært etter personar med fagarbeidarutdanning og som har erfaring rundt elevtiltak knytt til sosiale vanskar, utfordrande åtferd og andre relevante problemstillingar. Stillinga gjeld både på skulen og SFO og vedkomande må kunne jobbe i skuleferiane.

Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing.

 

Personlege eigenskapar:

  • Personlege eigenskapar og relevant arbeidserfaring blir vektlagt. Me ser etter personar som tek initiativ, har eit heilskapleg elevsyn, og ynskjer å drive ei elevaktiv opplæring til dømes gjennom dagleg fysisk aktivitet og praktisk opplæring.

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Gode velferdsordningar.
  • Løn etter avtale.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålforma i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknader må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    16.10.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5904399
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
  • Updated 02.10.2024