• Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    11.06.2026
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6638806
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune
Vacancy

Øygarden kommune

Fagarbeidar 2 *50% fast stilling i SFO

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du nyutdanna fagarbeidar og ønskjer fast jobb? Har du jobba som vikar i skule eller SFO og ønskjer noko fast å gå til? Dette er ei sjeldan moglegheit.
Vi søkjer to faste stillingar ved Skogsvåg skule, som vert tilknytt SFO frå skulestart i skuleåret 26–27. Du skal jobba 39 % fast i SFO gjennom skuleåret, medan 11 % av stillinga er direkte knytt til ferie-SFO. Du får ei nøkkelrolle i arbeidet med ferie-SFO og skal vera med og bidra til høg kvalitet og eit variert tilbod for barna som nyttar ferie-SFO.
Skogsvåg skule har jamleg behov for vikarar i skuletida, og det vil vera gode moglegheiter for dette.
 

Stillinga følgjer ferie-SFO i Øygarden. Oppstart for ferie-SFO på Skogsvåg er frå haustferien i skuleåret 26/27. Tilbodet gjeld alltid i haustferien, vinterferien, to veker etter skuleslutt og éi veke før skulestart.

Om avdelinga:
Like sør for Skogsskiftet ligg Skogsvåg skule. Frå skulen er det om lag 15 minutt køyring til Straume. Skulen ligg i flott natur, med kort veg til toppen av Storaskjenet og til sjøen i Kvalvågen.
 
Skogsvåg skule har rike tradisjonar og ein sterk historikk knytt til song og musikk, kystkultur og det som rører seg i lokalmiljøet. Visjonen til skulen er: «Hand i hand løfter vi kvarandre fram». Dette er ord som betyr mykje for dei tilsette, og som skal visa seg i arbeidet med relasjonane mellom vaksne og barn. Heile personalet jobbar aktivt med «VI-skulen», felles praksis og med at alle elevane ved skulen er våre elevar. Skulen er ein godkjend dysleksivenleg skule og jobbar systematisk med utviklingsarbeid knytt til lesing. Skuleåret 2025/26 starta vi eit nytt utviklingsarbeid, «TRYGG», der heile skulen arbeider med felles mål og tema.
 
På SFO er det i overkant av 100 barn, og frå skuleåret 26–27 skal Skogsvåg tilby ferie-SFO. SFO jobbar etter den nasjonale rammeplanen for SFO, og utviklingsarbeidet går hand i hand med skulen. Det vert lagt vekt på høg kompetanse, sjølvstende og engasjement blant fagarbeidarane. Det er ofte fagarbeidarane i skule og SFO som kjem nærast elevane, og mange arbeider tett på barn med særskilde behov. SFO er delt i aldersblanda grupper, der 1. og 2. trinn er saman, og 3. og 4. trinn er saman. Det er faste tilbod gjennom veka, og SFO har eit eige årshjul som tek føre seg ulike aktivitetar. Samstundes er det utviklingstid kvar veke, og fagarbeidarane som også jobbar i skulen, har faste samarbeidsmøte kvar veke med lærarane. Frå SFO-året 26–27 skal gruppeleiarane for kvar SFO-gruppe ha faste oppstartsmøte med SFO-leiar. Dette er ei satsing på SFO som skal gje betre overgang og ein god start på SFO. Vi trur at god kvalitet på morgonen og ettermiddagen gjev betre læring gjennom skuledagen. Vi har eit mål om å sjå heilskapen i skuledagen, og derfor skal vi jobba hand i hand mellom skule og SFO.
 
Inneverande skuleår har vi 240 elevar. Administrasjonen består av rektor, avdelingsleiar på 1.–4. trinn, avdelingsleiar på 5.–7. trinn, SFO-leiar og merkantil.
 
Arbeidsoppgåver:
  • Tett oppfølging av enkeltelevar med spesialpedagogiske behov
  • Uteaktivitetar og turar med elevane
  • Arbeide med og etter tydelege rammer og struktur
  • Tilsyn og inspeksjon ute
  • Ansvar for gjennomføring av aktivitetar i SFO-tid
  • Ansvar for større grupper med barn i ulike aktivitetar
Kvalifikasjonar:Må ha:
  • Krav om fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men relevant utdanning eller kompetanse kan kompensera for dette
  • Tilstrekkelige norskkunskapar
Ønskjeleg med:
  • Kompetanse innan arbeid med spesialpedagogiske elevar, til dømes kjennskap til eller erfaring med TEACCH, ASK og ADL-trening
  • Kurs frå arbeid retta mot sårbare barn
Personlege eigenskapar:
  • Tålmod: Arbeid med barn med særskilde behov krev ofte stor grad av tålmod hos dei vaksne, då barna kan trenga lang tid på å læra nye ferdigheiter og tilpassa seg nye situasjonar.
  • Observasjonsevner og tilpassingdyktigheit: Kvar barn er unikt og stiller ulike krav til evna dei vaksne har til å forstå barnet og kjenslene deira. Du må derfor kunna observera barna og gjera nødvendige tilpassingar gjennom dagen.
  • Samarbeidsevner: Du samarbeider godt med kollegaene dine, deler kunnskap og bidreg aktivt i utforminga av kvardagen til barna. Du er fleksibel, løysingsorientert og har stor arbeidskapasitet
  • Stressmeistring: Du står trygt i situasjoner saman med barn som har sterke uttrykk og kan utagera. Du har ei konstruktiv tilnærming og trivst i eit hektisk og travelt arbeidsmiljø.
  • Positivt elevsyn: Du tenker at alle barn kan læra og utvikla seg, og du leitar etter og byggjer vidare på dei positive augneblikka i kvardagen til elevane
  • Praktisk arbeid: Du trivst med å arbeida praktisk saman med elevane. Dette kan til dømes vera aktivitetar som kjøkkenarbeid, musikk, idrett, leiketime, speltime, friluftsgruppe eller arbeidsgruppe.
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt: 

Kontaktperson: Ingrid Bildøy Hestad 

Stillingstittel: Rektor

Telefon: 92086075

E-post: ingrid.hestad@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Company
    Øygarden kommune
  • Application deadline
    11.06.2026
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6638806
  • Look here for other jobs from Øygarden kommune