Company
Ål KommuneApplication deadline
08.01.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4920953Look here for other jobs from Ål Kommune
- Updated 20.12.2022
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Ål Kommune
Fagarbeidar 100 % - Skattebøl skule
Offentlig forvaltning
Det er ledig eit vikariat i inntil 100 % stilling som fagarbeider ved Skattebøl skule i perioden 01.01.2023-31.07.2023.
Me har fokus på å sjå alle elevane og gje god tilpassa opplæring. Personalet er ein innovativ gjeng som heile tida leitar etter løysingar til beste for den enkelte elev og for alle. Me søkjer etter ein fagarbeider som opptatt av å ha elevens styrkar i fokus, og er engasjert i den leikbaserte og praksisnære undervisninga. Stillinga vil vere knytt hovudsakleg til enkeltelev og SFO.
Den som blir tilsett må kunne arbeide innanfor heile opningstida til skulen/SFO.
Kvalifikasjonar
Me ynskjer tilsette som har utdanning som fagarbeider med fagbrev som barne- og ungdomsarbeider, eller fagbrev innan helse, annan relevant utdanning og praksis vert og vurdert.
Personlege eigenskapar
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Me ynskjer tilsette som har genuin interesse for barn og unge med særskilte behov.
Me ynskjer at du
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- har pågangsmot og engasjement
- er lojal og positiv
- er fleksibel og løysingsorientert
- kan starte opp så snart som mogleg
Lønsvilkår
Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Politiattest
Den som vert tilsett må legge fram politiattest. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.
Send søknad
Det skal sendast elektronisk søknad.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn i den elektroniske søknaden eller levert inn tidlegare.
Du er velkomen til å ta kontakt med rektor dersom du har spørsmål til stillinga.
Company
Ål KommuneApplication deadline
08.01.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4920953Look here for other jobs from Ål Kommune
- Updated 20.12.2022