Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
25.09.2021Anställningsform
workTime.Skift/turnusBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4085907Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 08.09.2021
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Alver kommune
Fagansvarleg vernepleiar - 100%
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi har ledig ein fast 100% stilling som fagansvarleg. Arbeidstida vil vere mest på dagtid, med 1 seinvakt pr. veke og arbeid kvar 6. helg langvakter.
Om Kvernhusmyrane bufellesskap
Kvernhusmyrane bufellesskap ligg sentralt i Knarvik, og er bustaden til 6 personar med utviklingshemming. Vårt mål er å gi tilpassa tenester med mål om at den einskilde personen skal oppleve meistring og sjølvbestemmelse, og å få rett hjelp og støtte for å kunne leve eit godt liv. Ambisjonane er å bli best på tenesteyting til målgruppa. For å få dette til treng me vernepleiar med erfaring, høg vernepleiarfagleg kompetanse, engasjement og pågangsmot.
Arbeidsoppgåver
- Den fagansvarlege vil ha delegerte oppgåver frå avdelingsleiar knytt til fagutvikling, oppdatering og utvikling av mål, planar og tiltak for den einskilde brukar
- Veiledning og opplæring av kollegaer
- Samarbeid med legar og spesialisthelsetenesta
- Utarbeiding og fornying av vedtak etter Helse og omsorgtenestelova kap. 9
Kompetansekrav
- Du må vere offentleg godkjent vernepleiar
- Du må ha erfaring frå systematisk og målretta vernepleiefagleg arbeid
- Du må ha vidareutdanning i veileding eller vilje til å ta vidareutdanning
- Du må ha førarkort klasse B
Personlege eigenskaper
Det er ønskeleg at:
- Du er ein god kollega som kan bidra til godt arbeidsmiljø
- Du har evne til å prioritere i ein travel kvardag
- Du har god fysisk og psykisk helse
- Du har gode samarbeidsevner
- Du har evne til empati og til å sjå den einskilde brukar
- Du har stort engasjement for faget og brukargruppa
- Du har gode datakunnskaper
- Du har god munnleg og skriftleg formuleringsevne
Vi tilbyr
- Avsett tid i turnus til fagleg arbeid
- Konkurransedyktig løn
- God pensjonsordning
- Personleg og fagleg utvikling
- Moglegheit for relevant vidareutdanning
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav til tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
25.09.2021Anställningsform
workTime.Skift/turnusBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4085907Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 08.09.2021