Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
10.04.2023Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5088936Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 23.03.2023
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Alver kommune
Fagansvarleg - 100 % fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Stillinga som fagansvarleg er ei nyoppretta stilling som rapporterer direkte til avdelingsleiar, og som jobbar tett med dei tilsette i avdelinga. Fagansvarleg har ansvar for delegerte oppgåver innan eit definert fagområde i avdelinga, og kan tildelast ansvar. Som fagansvarleg vil du arbeide i snitt 35,5 t/v med dagvakter i vekedagene og arbeid i turnus kvar 3. helg og i høgtid.
Ved ferieavvikling og anna kortvarig fråvær vil ein kunne få endra ansvarsområde/oppgåver innafor den ordinære stillinga som fagansvarleg. Ved lengre fråvær av avdelingsleiar vil ein ved behov kunne verte konstituert, jf. HTA § 13.4.
Om Frekhaug heimeteneste
Heimetenesta i Alver er organisert i 7 ulike geografiske soner - Manger, Frekhaug, Ostereidet, Lindås, Alversund/Seim, Knarvik Sør/Vest og Knarvik Nord/Aust. Dagsentra for heimebuande er og organisert under heimetenesta og samarbeider tett med avdelingane. Alle avdelingane nyttar Mobil Omsorg, og vi har stort fokus på Velferdsteknologi i tenesteytinga.
Avdeling Knarvik Nord/Aust har base i Knarvik og der arbeider sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og assistentar. Vi er i avdeling med team med heildøgnsdrift i tillegg til ordinær heimeteneste. Vi har eit stort geografisk område med eit aukande tal brukarar i alle aldrar som treng hjelp.
Arbeidsoppgåver
Fagansvar:
- Delegerte oppgåver frå avdelingsleiar for å sikre at kvaliteten på tenestene er innafor ramma av dei ressursane fagområdet disponerer
- Ansvarleg for at fagområdet nyttar kvalitetssystemet i tenesteproduksjonen og nyttar avvikssystemet i oppfølginga
- Ansvarleg for å gjennomføre internkontrolltiltak innanfor fagområdet
- Sørgje for naudsynt fagleg samordning på tvers av linjeorganiseringa
- Ansvarleg for at dei tilsette samla har tilstrekkeleg og relevant kompetanse
Forbetringsansvar
- Ta initiativ til å gjennomføre fagleg forbetrings- og utviklingsarbeid
Serviceansvar
- Ansvarleg for ei brukar- og serviceorientert utvikling av tenester i fagområdet
- Sikre god løpande dialog med alle brukarar og pårørande
I tillegg til fagansvaret kan du få delegert einskilde oppgåver frå avdelingsleiar etter behov. Du kan og få tildelt ekstra ansvar.
Eksempel på einskilde oppgåver:
- Oppgåver knytt til HMS arbeid
- Oppgåver knytt til personalarbeid
- Oppgåver knytt til økonomi
Kompetanse
Krav til kompetanse
- Offentleg godkjent sjukepleiar
- Førarkort klasse B
Ønskt kompetanse
- Relevant vidareutdanning
- Erfaring som utøvande sjukepleiar, fortrinnsvis frå heimeteneste
- God digital kompetanse
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som er ein fagleg trygg sjukepleiar og som kan arbeide sjølvstendig. Du har evne til å strukturere kvardagen og prioritere både eigen og andre sin arbeidskvardag ut frå dei krav som vert stilt til tenesta. I tillegg til å vere fleksibel og ha god gjennomføringsevne, har du god rolleforståing og ei løysingsorientert tilnærming i ein travel kvardag. Du kommuniserer tydeleg og godt på norsk både munnleg og skriftleg.
Vi ønskjer deg som er god til å motivere, rettleie og til å skape engasjement. Du er god til å planlegge, har gode haldningar og evne til etisk refleksjon. I tillegg har du godt humør og gode samarbeidsevner, samt er ein rollemodell for dine kollegaer.
Personlege eigenskapane ovanfor vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Fagleg og personleg utvikling
- Høg kompetanse på avdelinga med stort fokus på kvalitet i tenesta
- Dedikerte kollegaer som har brukar i fokus
- Allsidig og lærerikt arbeidsmiljø
- Årsturnus
- Lønn: kr 50.000,- over relevant garantilønsstige ut frå kompetanse og ansiennitet
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Bli kjent med Alver kommune
Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
10.04.2023Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5088936Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 23.03.2023