• Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    04.08.2021
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3920699
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 10.06.2021
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Alver kommune

Fagansvarleg - 100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Stillinga som Fagansvarleg er ei nyoppretta stilling som rapporterer direkte til tenesteleiar. Stillinga er delt mellom direkte drift og administrativ arbeid (50/50).

Om Dagsenter

Dagsenter til eldre og personar med demens er organisert under tenesteområde Heimetenesta. Vi har i dag 5 dagsentre på ulike lokasjonar i kommunen. Knarvik/Såta, Manger, Frekhaug og Alversund. Fagansvarleg vil jobbe 50 % på ein av lokasjonane i den daglege drifta, og har 50 % avsett administrativ tid. 

Dagtilbodet er differensiert med tanke på diagnose og funksjon. Alle dagsentra har i dag fokus på aktivitet, sosialisering, ernæring og at brukarane skal oppleve ein god og meiningfull dag på dagsenteret.

Arbeidsoppgåver

Fagansvar:

  • Ansvarleg for kvaliteten på tenestene innan ramma av dei ressursane fagområdet disponerer
  • Ansvarleg for at fagområdet nyttar kvalitetssystemet i tenesteproduksjonen og nyttar avvikssystemet i oppfølginga
  • Ansvarleg for å gjennomføre internkontrolltiltak innan fagområdet
  • Sørgje for naudsynt fagleg samordning på tvers av linjeorganisering
  • Ansvarleg for at dei tilsette samla har tilstrekkeleg og relevant kompetanse

Forbetringsansvar:

  • Ta initativ til og gjennomføre fagleg forbetrings- og utviklingsarbeid

Serviceansvar:

  • Ansvarleg for ei brukar- og serviceorientert utvikling av tenester i fagområdet
  • Sikre god løypande dialog med alle brukarar og pårørande

Fagansvarleg vil få delegert ansvar og oppgåver, og vil vere ein del av heimetenesta si leiargruppe.

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • 3-årig helse- og/eller sosialfagleg høgskuleutdanning
  • Sertifikat klasse B

Ønskt kompetanse

  • Leiarutdanning eller erfaring med leiing er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Erfaring med demens- og miljøarbeid er og ønskjeleg.

Vi ønskjer ein person som er god til å motivere, vegleie og til å skape engasjement. Du er god til å planleggje, er tydeleg og har gjennomføringsevne. Du har og gode haldningar og evne til etisk refleksjon. Du har også godt humør og gode samarbeidsevner, samt er ein rollemodell for dine kollegaer. 

Vi tilbyr

Fagleg og personleg utvikling. Avdelinga har høg kompetanse med stort fokus på kvalitet i tenesta. Eit dedikert personale har brukar i fokus. Allsidig og lærerikt arbeidsmiljø både i drifta og i leiargruppa.

Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk.

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 

 

  • Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    04.08.2021
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3920699
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 10.06.2021