• Company
    Ål Kommune
  • Application deadline
    02.08.2026
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3570, ÅL
    ÅL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6664975
  • Look here for other jobs from Ål Kommune
Vacancy

Ål Kommune

Ergoterapeut - vikariat i 50 % stilling

Offentlig forvaltning

Ål kommune søkjer fagleg engasjert  ergoterapeut i eit vikariat i 50 % stilling frå 1. oktober 2026-31.07.26.  

Hjå oss er all ergo- og fysioterapiteneste i kommunen samla i ei avdeling. Me har 3 ergoterapeutar, heimevaktmeister, 7 fysioterapeuter, friskivskoordinator, koordinerande eining, oppsøkjande team, dagsenter og psykisk helse og rus i avdelinga. Me har eit godt arbeidsmiljø, eit aktivt fagmiljø og breitt samarbeid med andre faginstansar. Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande. 

 Arbeidsområde: 

  • Kvardagsrehabilitering i samarbeid med fysioterapeut og heimeteneste. 
  • Førebygging, behandling  og rehabilitering i og utanfor institusjon. 
  • Hjelpemiddelformidling og oppfølging. 
  • Vere med å finne fram til og ta i bruk velferdsteknologiske løysingar/e-helse. 

 Kvalifikasjonar: 

  • Offentleg godkjend ergoterapeut 
  • Gjerne erfaring frå offentleg praksis 
  • Førarkort klasse B er ein fordel.

 Personlege eigenskapar: 

  • Interesse og engasjement for faget 
  • Gode kommunikasjons – og samarbeidsevne 
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team 
  • Positiv innstilling til brukarar og kollegaer 

Personlege eigenskapar vert lagt vekt på ved tilsetting. 

 Me kan tilby:

  • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Eit fagleg sterkt og engasjert arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for utvikling og kompetanseheving
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Lønn etter gjeldande avtaler

Me gler oss til å få deg med på laget!

Søknad og politiattest:

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
  • intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Flytte til Ål?

Ål og Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagslivd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!

Flytt til Ål! - Ål kommune

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.       

Velkomen som søkjar! 

 

  • Company
    Ål Kommune
  • Application deadline
    02.08.2026
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3570, ÅL
    ÅL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6664975
  • Look here for other jobs from Ål Kommune