Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Surnadal kommune

Ergoterapeut, fast 60 % stilling

Brannvesen

HELSE OG FAMLIE

Ergoterapeut i 60% fast stilling

Stillinga kan kombinerast med 40% stilling i turnus ved Heimetenesta.

Om du kan tenkje deg 100% til saman, så skriv gjerne det i søknaden.

Stillinga som ergoterapeut har f.t kontorstad ved Helse og familie og er ledig frå snarast. Einingsleiar er næraste overordna.

 

Ergoterapeuten arbeider for at heimebuande med nedsett funksjonsevne, midlertidig eller varig, skal vere mest mogleg sjølvhjulpne og sjølvstendige i kvardagen i eigen heim og på fritida.

 

Arbeidsoppgåver

Kartlegging av behov for hjelpemiddel og bistand til å søkje om desse (alle aldersgrupper)

Hjelp til tilpassingar i heimen og opplæring i bruk av hjelpemiddel

Råd og rettleiing i tilretteleggingsarbeid i skular/barnehagar, i heimen eller ute på fritidsområde,  slik at tenestemottakar skal kunne delta i størst mogleg grad der det er ønskeleg

Tverrfagleg samarbeid med fysioterapeutar, helsestasjon, heimeteneste,  institusjonar og andre

Dokumentasjon

Tildeling av TT kort iht gjeldande reglar

Vere bindeledd mellom innbyggar og hjelpemiddelsentral for å få riktig/tilpassa hjelpemiddel som gjeld syn og hørsel

 

Krav til kvalifikasjonar

-          Offentleg godkjenning som ergoterapeut

-          Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel

-          Vere oppteken av samhandling med andre og kunne tenkje tverrfagleg i arbeidet

-          Kunne planlegge og strukturere arbeidet

-          Gode ferdigheter i norsk skriftlig og muntlig med tanke på dialog og krav til dokumentasjon

          Førarkort kl.B

Tilfredsstillande politiattest skal leggast fram før oppstart i stillinga

 

Personlege eigenskapar og fortrinn vi meiner er viktig i stillinga:

Evne til å arbeide sjølvstendig, men òg fungere godt i samarbeid med andre

Du har gode kommunikasjonsevner som er med og skapar tillit og og utviklar gode relasjonar til tenestemottakaran

Du er fagleg engasjert og ynskjer å jobbe tverrfagleg

 

Vi tilbyr

Spanande og varierte arbeidsoppgåver

Samarbeid med andre yrkesgrupper og einingar i tett samarbeid med innbyggjarar i Surnadal kommune

Opplæring vil bli gitt

Kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter gjeldande avtaleverk

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen