Company
Surnadal kommuneApplication deadline
15.10.2024Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
BrannvesenEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5889170Look here for other jobs from Surnadal kommune
- Updated 12.10.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Surnadal kommune
Ergoterapeut, fast 60 % stilling
Brannvesen
HELSE OG FAMLIE
Ergoterapeut i 60% fast stilling
Stillinga kan kombinerast med 40% stilling i turnus ved Heimetenesta.
Om du kan tenkje deg 100% til saman, så skriv gjerne det i søknaden.
Stillinga som ergoterapeut har f.t kontorstad ved Helse og familie og er ledig frå snarast. Einingsleiar er næraste overordna.
Ergoterapeuten arbeider for at heimebuande med nedsett funksjonsevne, midlertidig eller varig, skal vere mest mogleg sjølvhjulpne og sjølvstendige i kvardagen i eigen heim og på fritida.
Arbeidsoppgåver
Kartlegging av behov for hjelpemiddel og bistand til å søkje om desse (alle aldersgrupper)
Hjelp til tilpassingar i heimen og opplæring i bruk av hjelpemiddel
Råd og rettleiing i tilretteleggingsarbeid i skular/barnehagar, i heimen eller ute på fritidsområde, slik at tenestemottakar skal kunne delta i størst mogleg grad der det er ønskeleg
Tverrfagleg samarbeid med fysioterapeutar, helsestasjon, heimeteneste, institusjonar og andre
Dokumentasjon
Tildeling av TT kort iht gjeldande reglar
Vere bindeledd mellom innbyggar og hjelpemiddelsentral for å få riktig/tilpassa hjelpemiddel som gjeld syn og hørsel
Krav til kvalifikasjonar
- Offentleg godkjenning som ergoterapeut
- Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
- Vere oppteken av samhandling med andre og kunne tenkje tverrfagleg i arbeidet
- Kunne planlegge og strukturere arbeidet
- Gode ferdigheter i norsk skriftlig og muntlig med tanke på dialog og krav til dokumentasjon
- Førarkort kl.B
Tilfredsstillande politiattest skal leggast fram før oppstart i stillinga
Personlege eigenskapar og fortrinn vi meiner er viktig i stillinga:
Evne til å arbeide sjølvstendig, men òg fungere godt i samarbeid med andre
Du har gode kommunikasjonsevner som er med og skapar tillit og og utviklar gode relasjonar til tenestemottakaran
Du er fagleg engasjert og ynskjer å jobbe tverrfagleg
Vi tilbyr
Spanande og varierte arbeidsoppgåver
Samarbeid med andre yrkesgrupper og einingar i tett samarbeid med innbyggjarar i Surnadal kommune
Opplæring vil bli gitt
Kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter gjeldande avtaleverk
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen
Company
Surnadal kommuneApplication deadline
15.10.2024Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
BrannvesenEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5889170Look here for other jobs from Surnadal kommune
- Updated 12.10.2024