Company
Sogndal kommuneApplication deadline
01.09.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5827801Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 25.07.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sogndal kommune
Ergoterapeut
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Det er ledig 100% vikariat som ergoterapeut i eitt år frå ca 1.10.24 i Sogndal kommune ved tenesteeining fysio-, ergoterapi og frisklivssentralen.
Arbeidsoppgåver:
- Delta aktivt i utvikling av korttids-/rehabiliteringstilbodet i heile kommunen.
- Kartlegging og vurdering av funksjons- og meistringsnivå.
- Jobbe systematisk med pasientflyt mellom spesialisthelsetenesta og kommunen, samt mellom tenester lokalt
- Arbeide førebyggjande og behandlande på institusjon og i heime.
- Arbeide med formidling, utprøving, tilpassing av hjelpemiddel, samt opplæring.
- Oppfølging individuelt og i grupper.
- Arbeidsoppgåver kan bli endra ut ifrå endra behov i tenesta.
Sentrale ansvarsområde:
Stillinga er retta mot rehabilitering, kartlegging av funksjons- og meistringsnivå, førebygging og behandling i institusjon og heimen, tilpassing av hjelpemiddel. Tverrfagleg samarbeid og arbeid med pasientflyt i kommunen og mellom spesialisthelsetenesta og kommunen blir viktige oppgåver i stillinga.
Kvalifikasjonar:
- Offentleg godkjent ergoterapeut.
- Godkjent politiattest.
- Førarkort klasse B er eit krav, å kunne nytta eigen bil er en fordel
- Erfaring frå kommunehelsetenesta og/eller rehabilitering er ønskjeAleg.
- Erfaring med eller kompetanse på vurdering av syn/sansetap er ønskjeleg.
- Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting
Personlege eigenskapar:
- Gode evner til sjølvstendig arbeid og tverrfagleg samarbeid
- Evne til å motivere og skape engasjement
- God rolleforståing og arbeidskapasitet
- Fleksibel og løysningsorientert
- God kommunikasjonsevne
- Systematisk og strukturert
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Reflektert, utviklingsorientert og lojal
- Gode sosiale egenskaper
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
Det er ønskjeleg å ha eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
01.09.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5827801Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 25.07.2024