• Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    25.06.2022
  • Arbetsfunktion
    Ergoterapeut
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4665148
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
  • Uppdaterad 11.06.2022
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Sunnfjord kommune

Ergoterapeut

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Eininga fysio- og ergoterapi i Sunnfjord kommune har 21 tilsette, fordelt mellom arbeidsstadene Førde, Naustdal, Sande og Skei. Tenesta består av fysioterapeutar, ergoterapeutar og serviceteknikarar med ansvar for hjelpemiddel. Eininga har eit godt fagmiljø, med mange dyktige og engasjerte medarbeidarar.

Vi har ledig:
  • 100 % vikariat som ergoterapeut frå 05.09.2022 - 15.05.2023

Stillinga er i hovudsak knytt til arbeid med vaksne og eldre, og er ein av to ergoterapeutstillingar på dette området med utgangspunkt i arbeidsstad Førde.
Det må påreknast at det også kan vere aktuelt med arbeidsoppgåver tilknytt andre arbeidsstader i eininga i Sunnfjord kommune.

Tenesta har eit nært samarbeid med dei andre kommunale fagområda som rettar seg mot vaksne og eldre, slik som legetenesta og pleie- og omsorgstenesta. Vi legg vekt på heilskapleg og tverrfagleg samhandling med dei andre tenestene .

 Arbeidsoppgåver:
  • funksjonskartlegging og tilrettelegging av aktivitet
  • rettleiing og samarbeid med andre faggrupper
  • tilrettelegging og tilpasning av bustad og omgjevnader
  • hjelpemiddelarbeid og arbeid med velferdsteknologi
  • deltaking i kommunalt demensarbeid
  • førebyggande arbeid
Krav til søkar:
  • autorisasjon som ergoterapeut
  • førarkort klasse B
  • gode norskkunnskapar , både skriftleg og munnleg
Vi søker deg som:
  • har god arbeidskapasitet, og evner til å handtere ein hektisk kvardag med mange arbeidsoppgåver
  • er strukturert, og kan planlegge eigen arbeidskvardag
  • har god kjennskap til bruk av IT-verktøy; i Sunnfjord kommune nyttar vi journalprogrammet CosDoc.
  • er fagleg trygg, og er flink både til å samarbeide med andre og til å arbeide sjølvstendig
  • har erfaring frå kommunehelsetenesta er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav

Du må søke elektronisk.

Velkommen som søkar.

 

  • Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    25.06.2022
  • Arbetsfunktion
    Ergoterapeut
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4665148
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
  • Uppdaterad 11.06.2022