Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
19.01.2021Position function
ErgoterapeutIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3311967Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 03.12.2020
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sunnfjord kommune
Ergoterapeut
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Eininga fysio- og ergoterapi i Sunnfjord kommune har 20 tilsette, fordelt mellom arbeidsstadane Førde, Naustdal, Sande og Skei. Tenesta består av fysioterapeutar, ergoterapeutar og serviceteknikarar med ansvar for hjelpemiddel. Eininga har eit godt fagmiljø, med mange dyktige og engasjerte medarbeidarar.
Vi har ledig følgande stilling:- 50 % vikariat som ergoterapeut frå 01.03.2021-31.12.2021.
Denne stillinga er i hovudsak knytt til arbeid med vaksne og eldre, og stillinga er i utgangspunktet tilknytt arbeidsstad Skei. Det må påreknast at det også kan vere aktuelt med arbeidsoppgåver tilknytt andre arbeidsstader i eininga.
Det vert starta opp ei ny rehabiliteringsavdeling på Skei i 2021, med sju rehabiliteringsplassar. Ergoterapeut vil vere ein sentral fagperson inn mot denne avdelinga.
Tenesta har eit nært samarbeid med dei andre kommunale fagområda som rettar seg mot vaksne og eldre, slik som legetenesta og pleie- og omsorgstenesta. Vi legg vekt på heilskapleg og tverrfagleg samhandling med dei andre tenestene .
Krav til søkar:- autorisasjon som ergoterapeut
- førarkort klasse B
- gode norsk kunnskapar både skrifteleg og munnleg
- gyldig politiattest
- individuell oppfølging og behandling av vaksne og eldre i og utanfor institusjon, inkludert rehabiliteringsoppgåver og poliklinisk oppfølging
- rettleiing og samarbeid med andre faggrupper
- hjelpemiddelarbeid
- har god arbeidskapasitet, og evne til å handtere ein hektisk kvardag med mange arbeidsoppgåver
- er strukturert, og kunne planlegge eigen arbeidskvardag
- har god kjennskap til bruk av IKT-verktøy. I Sunnfjord kommune nyttar vi journalprogramma CosDoc og ProMed
- er fagleg trygg, sjølvstendig og samarbeide godt med andre
- erfaring frå kommunehelsetenesta er ein fordel, men ikkje eit krav
Stillinga kan gjerne kombinerast med ein av dei følgande andre stillingar som er utlyste:
- 50 % fast stilling som ergoterapeut/sakshandsamar i Tildelingseininga, med kontorstad Førde
- 50 % vikariat dagtilbod eldre og personar med demens på Skei, tilhøyrande Aktivitetseininga
- 21 % fast stilling dagtilbod for personar med funksjonvanskar på Skei, tilhøyrande Aktivitetseininga
Dersom du søker på ein av desse andre stillingane, er det viktig at du opplyser om det i søknadsteksten din.
Du må søke elektronisk.
Velkommen som søkar!
Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
19.01.2021Position function
ErgoterapeutIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3311967Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
- Updated 03.12.2020