Företag
Askvoll kommuneAnsökningstiden
25.05.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6615532Se här för andra jobb från Askvoll kommune
Askvoll kommune
Ergoterapeut 100% fast stilling i Askvoll kommune
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Helseetaten i Askvoll har frå snarast eller etter nærare avtale ledig 100% fast stilling som ergoterapeut, arbeid etter 37,5 t/veke.
Er du ergoterapeut og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommune staden for deg. I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og
medverke til god livskvalitet. Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, difor treng vi fagpersonar med god kompetanse og som ser behova i heilskap.
Ergoterapeuten vil ha eit tett samarbeid med andre aktørar innanfor helsesektoren for å sikre ein heilskapleg tilnærming og oppfølging, herunder heimetenesta, sjukeheim, spsialisthelsetenesta og hjelpemiddelleverandørar.
Arbeidsoppgåver:
- Funksjonsvurdering/kartlegging
- ADL- trening
- Heimebesøk
- Hjelpemiddelformidling
- Tilpassing av bustad
- Rehabilitering/habilitering
- Tverrfagleg samarbeid
- Rettleiing- og undervisningsoppgaver for brukarar, pårørande og andre faggrupper
- Samarbeid med syn- og høyrselskontakt
- Tilrettelegge for velferdsteknologi
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som ergoterapeut
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Den som blir tilsett må ha førarkort
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Sjølvstendig, fleksibel og strukturert
- Evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg med andre kommunale tenester
- Evne til å møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov
- Evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo
- Positiv og engasjert
Vi tilbyr:
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
- Løn etter tariff
- Pensjonsordning i KLP
- Flyttegodtgjerdsle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
- Kontorstad med andre profesjonar i trivelege lokale i sentrumsgården
- Naudsynt opplæring vil bli gjeve
For nærare opplysningar ta kontakt med oss.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar
til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta
offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Företag
Askvoll kommuneAnsökningstiden
25.05.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6615532Se här för andra jobb från Askvoll kommune
-
Sjukepleiar - 100% vikariat i heimetenesta
Askvoll kommune
ASKVOLL -
To 100 % faste stillingar som helsefagarbeidar ved Fjaler sjukeheim
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Kontaktperson HAFS barnevernteneste
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Ledig vikariat for barne- og ungdomsarbeidar i Flekke barnehage
Fjaler kommune
Flekke -
Ledig 50 % mellombels stilling i reinhaldssentralen
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD