Company
Vestnes kommuneApplication deadline
07.08.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6390, VESTNES
VESTNES
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5793660Look here for other jobs from Vestnes kommune
- Updated 25.07.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Vestnes kommune
Er DU Vestnes kommune sin nye økonomisjef?
Offentlig forvaltning
Har du eit sterkt engasjement for lokalsamfunnet og ønskjer å vere med på å forme framtida til våre innbyggjarar?
Som kommunalsjef økonomi (økonomisjef) får du ei sentral rolle i kommunen si leiing og elles i kommunen. I eit godt samspel med politikarar, leiarar og tillitsvalde får du moglegheita til å vidareutvikle kommunen og tenestetilbodet til våre innbyggjarar. Du vil saman med resten av toppleiinga til kommunedirektøren spele ei sentral rolle i å skape nye, moderne løysingar i kommunen. Kommunen har mange dyktige medarbeidarar, og vi er stolte av å ha eit godt samspel mellom politikarane og administrasjonen.
Som økonomisjef vil du få ein spennande arbeidskvardag med utfordrande oppgåver. Du vil ha hovudansvaret for økonomien, men vi ønskjer og at du motiverast av å ta ein større del i utviklinga av kommunen og ikkje berre økonomiperspektivet. Difor er det viktig at du evnar å sjå heilskapen, og har god forståing for samspelet mellom politikk, administrasjon og fag.
Du har ei høgare utdanning og gjerne økonomisk retta, men lang erfaring frå relevante roller kan kompensere for manglande formalkompetanse. Det er viktig at du har god økonomiforståing, og du er spesielt interessant for oss om du har kunnskap om samfunns- og næringsutvikling, eller kompetanse innan organisasjonsutvikling.
Som person er du framoverlent og har gode mellommenneskelege ferdigheiter. Du synest det er gøy med kulturbygging, og evnar å motivere og få med deg dine medarbeidarar og kollegaer. Vi ser og føre oss at du har gode kommunikasjonsferdigheiter og er fagleg trygg.
Dersom du kunne tenkje deg å bli Vestnes kommune sin nye økonomisjef, så send din søknad før søknadsfristen. Send inn dine søknadsdokument (CV, søknad, vitnemål og attestar) via rekrutteringssystemet. Det er berre søknader som er sendt gjennom vårt elektroniske søknadssystem som blir tekne i betraktning.
Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med våre rekrutteringspartnarar i Assessit, eller kommunedirektør Kristian Skålhavn, tlf. 924 83 377.
Søknadsfrist: 7. august
Vi gjer merksam på at det blir utarbeidd offentleg og utvida søkjarliste. Du kan søkje om unntak frå oppføring på den offentlege søkjerlista, men det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova §25. Vi gjer merksam på at kandidatar som har fått søknad om unntak frå offentlegheit likevel kan få namnet sitt offentleggjort, sjølv om Vestnes kommune i første instans har gitt unntak frå den offentlege søkjarlista.
Company
Vestnes kommuneApplication deadline
07.08.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6390, VESTNES
VESTNES
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5793660Look here for other jobs from Vestnes kommune
- Updated 25.07.2024