• Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    01.03.2020
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    2745028
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune
  • Updated 14.02.2020
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Fjaler kommune

Er du vår nye lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget?

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi ser fram til å få ein ny lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget frå august 2020. Vi har fokus på å leggje til rette for ei god læretid, og skape interesse og engasjement for yrket. Som lærling i Fjaler vil du ha variert praksis, og vil bli fulgt opp av fagleg leiar i oppvekst, i tillegg til oppfølging frå instruktørar ved dei ulike barnehagane og skulane våre.
 
Er du interessert i å vite meir om lærlingordninga vår, håper vi du tek kontakt så vi kan få fortelje korleis det er å vere lærling hos oss.
 

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging, leiing, gjennomføring og evaluering av pedagogiske aktivitetar for barn og unge
  • Tilrettlegging for leik og fysisk aktivitet med utgangspunkt i den einskilde sitt funksjonsnivå og livssituasjon
  • Anvending av forming, sang, leik, musikk, litteratur og drama i det daglege arbeid
  • Føring av opplæringsbok

Kvalifikasjonar

  • Bestått VG1 Helse- og oppvekstfag, dokumentasjon for fullført og bestått VG2 Barne- og ungdomsarbeiderfag eller tilsvarande må leggast fram før signering av lærekontrakt
  • Må kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Har godt samspel med barn og vaksne
  • Kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
  • Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør

Vi tilbyr

  • Lærekontrakt og opplæringskontrakt
  • Mellombels tilsetting i Fjaler kommune som lærling/lærekandidat i 2 år
  • Løn under utdanning
  • Trivlege arbeidsplassar med godt læringsmiljø
  • Leiarar med fagleg/pedagogisk bakgrunn, dyktige instruktørar og rettleiarar
 

  • Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    01.03.2020
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    2745028
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune
  • Updated 14.02.2020