Ledig stilling

Utlendingsdirektoratet

Er du klar for å gjere ein forskjell i ein organisasjon med store ambisjonar og spennande utfordringar?  

Offentlig forvaltning

Om du trur det er tungrodd og treigt i staten, gløym det! I Utlendingsdirektoratet (UDI) er det høgt tempo og stor aktivitet. Vi er ein beredskapsorganisasjon der verdsbiletet påverkar oss i stor grad. Det gjer at medarbeidararane våre har ein arbeidskvardag som til tider er hektisk og utfordrande og som kan endre seg raskt. Men arbeidet er også viktig, interessant og meiningsfullt. Som organisasjonspartner (HR Business Partner) støttar du leiarane våre i kvardagen og sikrar at HR-arbeidet er i tråd med strategien og dei overordna måla våre.  

Rolla som organisasjonspartner er relativt ny i UDI, så du får vere med på å utvikle og forme denne rolla. Du blir ein av to organisasjonspartnarar som dekkjer heile UDI. Vi er ein organisasjon med om lag 1200 tilsette og 70 leiarar. Dei fleste held til i Oslo, men vi har også medarbeidarar ved fem regionkontor.  

Din heimebane og personalleiaren din er i HR-avdelinga, men kvardagen din vil vere ute i organisasjonen og i møte med leiarane i UDI. Som organisasjonspartner er du HR sin representant ute og bindeleddet mellom HR sine fagmiljø og organisasjonen. Du er den som støttar leiarane med operativ og strategisk rådgiving på HR-feltet. Du sørgjer for at rett kompetanse blir kopla på ved behov og at initiativ frå HR blir forankra og gjennomført i den aktuelle avdelinga. 

Kvalifikasjoner:

Vi ser etter deg som:

  • trivst med utovervend arbeid, er serviceinnstilt og spelar andre gode
  • tar initiativ og er sjølvstendig, samtidig som du har gode samarbeidseigenskapar som gjer at du kjem raskt i kontakt med folk og byggjer tillitsfulle relasjonar
  • er analytisk og har eit heilheits blikk, som gjer at du kan bruke den operative kompetansen din til å tenkje strategisk
  • er god til å prioritere og handterer mange oppgåver samtidig
  • er utforskande, tør å feile og lærer av feila

Til denne stillinga må du ha: 

  • utdanning på minimum bachelornivå. Solid erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • brei erfaring med administrative og operative oppgåver innan personalforvaltning og HR
  • god digital forståing, og interesse for å sjå etter forbetringar
  • svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Det er ein fordel, men ikkje eit krav at du har:

  • erfaring med bruk av lønn og HR-system i statleg sektor
  • erfaring med HR-analysar og bruk av data for å ta informerte avgjerder   

Vi tilbyr:

Litt meir om heimebanen din: 

Du blir ein del av avdelinga HR og organisasjon. Vi består av om lag 40 fagleg dyktige og engasjerte medarbeidarar som jobbar med rekruttering, organisasjonsutvikling, personaladministrasjon og drift av dei flotte lokala våre. Oppgåva vår er å leggje til rette for at medarbeidarane våre kan gjere jobben sin så godt som mogleg. Det gjer vi ved å spele medarbeidarane våre gode og vidareutvikle organisasjonen til det beste for brukarane våre.

Velkommen til oss!

I Utlendingsdirektoratet er vi opptekne av mangfald. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Har du hol i CV-en din, funksjonell nedsetjing eller innvandringsbakgrunn vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søkjer stilling hos oss. Vi kallar alltid inn minst ein kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte til å søkje hos oss.

Derfor bør du velje oss: 

Vi er ei verksemd med eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag. Verdshendingar påverkar jobben vår direkte, og vi er vande med å justere oss raskt etter svingingane i migrasjonen til landet. Profesjonalitet, menneskeverd og heilskap er verdiane våre. Dei er viktige for oss, og skal påverke korleis vi løyser oppgåvene våre kvar dag. Vi har høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar.

Vi held til i nye og flotte lokale på Helsfyr, med ei kjempegod kantine. Vi tilbyr gode som sommartid, trening i arbeidstida, fleksitid, fleksibel arbeidsplass, og ikkje minst dei aller beste kollegaene i landet (meiner vi).

Praktisk informasjon: 

Stillinga er lønna som seniorrådgjevar i lønnsspennet 700.000,- 850.000,-. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Eit lønnstrekk på to prosent gir deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikringar i Statens pensjonskasse.

Kva skjer no? 

Du søkjer på stillinga via søknadssystemet WebCruiter. Du må fylle ut WebCruiters CV og søknadsfelt sjølv om du vel å leggje ved søknad/CV i eige format i tillegg. Du må også leggje ved vitnemål, som kan lastast ned frå Vitnemålsportalen (vitnemalsportalen.no). Dersom du har utdanning frå utlandet, må den vere godkjent av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no).


Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Det er mogleg å be om å bli utelaten frå denne lista. I så fall må du grunngje kvifor du ønskjer det. Viss ønsket ditt ikkje kan innvilgast, tek vi kontakt med deg i forkant.