• Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    17.09.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5853838
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Sogndal kommune

Er du interessert i bustadsosialt arbeid?

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

I Sogndal kommune etablerer vi no eit bustadsosialt team, som skal yte støtte og hjelp til vanskelegstilte på bustadmarknaden. Teamet skal jobbe med bustadsosiale utfordringar for eit brett spekter av vanskelegstilte på bustadmarknaden. Teamet vil ha oppgåver knytt til heile oppgåvekjeda frå søknad, kartlegging av behov, koordinering med andre tenester, tildeling av bustad, og oppfølging av buevne og buforhold.

Teamets hovudformål er å nytte bustad som ein viktig og trygg plattform for dei som er i ein vanskeleg situasjon, samtidig som det vert nytta som eit verkemiddel for å betre situasjonen. Bustadsosialt team har også ansvaret for Husbanken sine verkemiddel, slik som bustøtte og startlån.

Me har no ledig 100% fast stilling. Dersom du er glad i å drive med rådgjeving/rettleiing og har eit brennande engasjement for å hjelpe menneske med å meistre eigen busituasjon og finne seg godt til rette i kommunen, kan denne jobben vere verdt å søke på.

Du må kunne samspele og kommunisere med menneske med ulik bakgrunn og utfordringar, på fleire språk og i ulike livssituasjonar.

 

Arbeidsoppgåver:

  •  Drive bustadsosialt arbeid, der målet er at fleire skal kunne ivareta seg sjølv i bustandmarkanden.
  •  Bidra til at fleire skal eige og at det skal vera trygt å leige.
  •  Sakshandsaming knytt til tildeling av kommunal bustad.
  •  Sakshandsaming av husbanken sine verkemiddel.
  •  Oppfølging av leigetakarar for å styrke buevne.
  •  Arbeide i tett samspel med andre relevante tenester.

 

Kvalifikasjonar

  •  Relevant universitets- eller høgskuleutdanning, fortrinnsvis sosialfagleg utdanning på bachelornivå.
  •  Det er sterkt ønskjeleg med arbeidserfaring frå bustadsosialt arbeid.
  •  Det er ønskjeleg med erfaring frå sakshandsaming og vedtaksarbeid.
  •  God samhandlings- og relasjonskompetanse.
  •  Er vant til å bruke IKT som verktøy.
  •  Gode kommunikative evner.
  •  Gode norskferdigheiter, både skriftleg og munnleg.
  •  Førarkort for bil klasse B, det er behov for noko reising med bil i heile kommunen. 

 

Personlege eigenskapar:

Me søkjer deg som er strukturert, er løysingsorientert og som kan skape resultat saman med andre. Du må vere serviceinnstilt, omgjengeleg og trivast i dialog med folk. Du bør vere effektiv, sjølvstendig og ha eigenskapar som sikrar god framdrift. Du må kunne tileigne deg kunnskap, dele kunnskap og vere reflektert. Samarbeidsevner for å nå felles mål, kunne skape tillit og aksept er eigenskapar som vil vere viktige i stillinga.

 

 

Me kan tilby:

  •  Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  •  Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  •  Gode velferdsordningar.
  •  Lønn og tilsetjing etter avtaleverket.
  •  Fleksibel arbeidstid i hovudsak på dagtid. Ved prekære behov/hendingar er det ønskjeleg at ein er tilgjengeleg også ut over normal arbeidstid.
  •  Trening for tilsette i Sogndal kommune.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit

 

  • Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    17.09.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5853838
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune