Företag
Fjaler kommuneAnsökningstiden
13.10.2019Anställningsform
workTime.Skift/turnusBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
2117099Se här för andra jobb från Fjaler kommune
- Uppdaterad 28.09.2019
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Fjaler kommune
Er du ein dedikert helsefagarbeidar med ekstra engasjement for miljøarbeid?
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Då er du kanskje den rette for oss. Miljøtenesta i Fjaler har no ledig ei fast 100% stilling i 2-delt turnus. Vi yt tenester både i heimane og på aktivitetssenteret, og det kan vere aktuelt med langvakter i tunus. Som tilsett hos oss vil du arbeide i dei ulike delene av miljøtenesta, inkludert tilbod til barn og unge.
Vi håper du tek kontakt eller sender oss ein søknad. Vi gler oss til å fortelje deg meir om korleis det er å vere ein del av tenesta vår, og korleis dei dyktige tilsette hos oss jobbar godt og målretta med miljøarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Bistå helsefremjande, rehabiliterande, førebyggande og miljøterapeutisk for personar med utviklingshemming
- Utarbeide tiltak i samsvar med enkeltvedtak og jobbe målretta for å sikre gjenomføring av desse
- Tilrettelegge individuell bistand i daglege gjeremål med fokus på sjølvstende
- Bidra til at miljøtenesta sine oppgåver vert utført på ein smidig og forsvarleg måte
- Medvirke aktivt til eit godt arbeidsmiljø og til eit godt samarbeid med andre einingar innan helse og omsorg
Kvalifikasjonar
- Helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar
- Førarkort klasse B
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi-, MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
- Kan arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
Vi tilbyr
- Introduksjonsprogram for nytilsette
- Løn etter utdanning og erfaring
- Gode pensjonsordningar
- Rabatterte forsikringar i KLP
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Företag
Fjaler kommuneAnsökningstiden
13.10.2019Anställningsform
workTime.Skift/turnusBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
2117099Se här för andra jobb från Fjaler kommune
- Uppdaterad 28.09.2019